Filmdagbok
ness
01-sept-2006

United 93 (2006)

User Rating: 7.8/10 (11,000 votes)

United 93Dette var sterkt! Og tenke seg til at eg hadde tenkt å la vere å sjå filmen, men Jacob overbeviste meg til det motsatte, og eg er glad for det.

Dette er filmen om «det siste flyet», altså det som ikkje traff nokon bygning i forbindelse med tragedien i U.S.A. den 11. september 2001. Filmen blir vist i sanntid, som i at eitt minutt på filmen tilsvarte eitt minutt på ekte, og med håndholdt kamera blir det i tillegg ein dokumentarprega film. Det føles rett nok meir som ein dokumentar enn eit drama, men noko her er nok det blitt tenkt fram til framfor henta frå sikre kjelder.

Av skodespelarar er det ikkje så mange kjente, noko som passar meg godt i ein slik film, eg kunne aldri sett for meg Tom Cruise forsøke å redde passasjerane. To ansikt har eg sett før, Christian Clemenson (Abel Koontz i «Veronica Mars») og Mr. «Sledge Hammer» (a.k.a. David Rasche, som nyleg var president i «The Sentinel»).

Det er brukt veldig lite musikk, eg la faktisk merke til det berre to stader, og det blei difor ekstra sterkt i dei samanhengane. Ein kandidat for beste film i september kanskje? Eg fekk iallfall frysningar på ryggen, så det lovar godt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
28-nov-2004

The Bourne Supremacy (2004)

Bourne SupremacyUser Rating: 7.3/10 (12,379 votes)

Ein verdig oppfølgar som ikkje repeterar einaren, men heller bygger vidare på historia. Er ikkje alltid ein får servert denne type toarar. Miljøet er veldig likt einarens, men historia er kanskje ikkje så omfattande lengre.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10