Eg kan ikkje skrive om denne filmen utan å nemne «Snatch.». Sjølv er eg ingen god filmkjennar på det profesjonelle planet, men eg ser likskapen i redigeringa, og deler av oppbygginga. Måten å fortelle ei historie på, bruken av namn som The Rabbi, The Boss og Goodkat. Men det blir ikkje ei mølje med referansar til Guy Ritchie, iallfall føles det ikkje slik. Det er ein artig og vellaga krimthriller, gjerne litt forutsigbar, men absolutt verdt sine minuttar. Det blir ingen romantisk kliss med Lucy Liu, ingen umenneskeleg actiohelt av Bruce Willis. Rett og slett ein godt balansert film.
Matthew og Lisa er forelska, og Matthew spør Lisa om ho vil flytte inn hjå han. Ho er ordlaus og har dårleg tid, og må reise før ho får svart. Ho avtalar å møte han neste dag, men noko kjem i vegen, og ho må reise til London. Ho skriv eit brev som ho ber ei venninne, Alex, om å gi til han. Men Alex er forelska i Matthew og, og sjalu på venninna, så ho gir ikkje brevet til han. Matthew og Lisa mista kontakten, og når Matthew kjem tilbake til byen tre år seinare, snubla han over spor som kan føre han til Lisa. Men Alex, som Matthew ikkje veit kven er, gir seg ut for å vere ei anna Lisa som bur i gamle leiligheita til Lisa. Ho hindrar Matthew i å finne den ekte Lisa som og er i byen, og midlertidig bur i leiligheita til Alex pga. ein desperat mann som ho har slått opp med. Osv. Osv.
