Saksemann søker dame med busker
Busker i hagen, til å trimme, om du trudde anna.. Edward er flink til dette. Dette er ein gjensynsrunde med nokon tidlegare sette filmar som trengte å blitt sett på nytt.
Edward Scissorhands
Før: Ei nyårsaftan for mangfaldige år sidan viste NRK «Edward Scissorhands», eg var
nok ikkje meir enn 10 år den gongen, så eg berre bitar frå opplevelsen. I åra som fulgte fekk den plass som magisk i hukommelsen min, før den omsider blei heilt gløymt. Eg hugsar fortsatt at den fascinerte meg med skulpturane Edward klyppte i alle fasongar, at den gjekk innpå meg med si tragiske historie, kanskje difor har eg i ettertid skapt min eigen slutt på filmen som eg blei overraska over ikkje å gjennoppleve.
No: Etter å ha planlagt lenge fekk eg summa meg til eit gjensyn. Gleda starta allereie under opningsteksten, med det eine kjente namnet etter det andre: Johnny Depp (sjølvsagt!), Winona Ryder, tilogmed Vincent Price. Etter å ha sett stemninga på som ein
ekspert skal, får Tim Burton ei gammal dame til å fortelje historia om Edward (Depp). Den gong han kom ned frå einetilværelsen i det nedslitte huset på toppen av bakken, over ein travel, pastellfarga forstad, til ein hyggeleg familie. Styrken til filmen er at den streifar innom Edward som ein senasjon (med saksehender), fortalt som lystig komedie og tragisk drama, alltid med mystikk og rik på gode karakterar, alltid gripande. Inntrykket mitt er at alt passar saman, enkelte ting kunne ha tatt seg dårleg ut i andre filmar, men kjem i godt selskap i «Edward Scissorhands», som trår opp på toppen av trona som min favoritt Tim Burton film.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Starship Troopers
Før var eg mest opptatt av at det var fart og spenning, eg såg på «Starship Troopers» som eit rom-action-eventyr med masse, masse skyting og herleg grønt og oransje gørr flygande i alle retningar, pene damer (dusjscena har fått sin avkrok i hukommelsen) og tøffe
soldatar utan mykje hjerneaktivitet for seg. Dette var vel rundt 7 år sidan.
No: Opplevelsen var ei litt anna, eg la nok meir merke til den useriøse tonen og all overdrivinga som bevisste trekk ved filmen enn at det berre var tilfeldig gøy, men synst likvel ikkje det fungerte optimalt. Uansett bevisst overspel, overdriving eller over toppen av det fornuftige blir det altfor hjernedød action. Ikkje nødvendigvis ein negativ ting, eg kan sette pris på slike filmar om det ligg meir bak enn i «Starship Troopers», men klarar ikkje å engasjere meg nok til å like dette. Av dei to timane den varer blei halvparten slitsom og resten underholdande viss ein smørjer dei delene saman. Bortkasta tid er å overdrive, men å kalle det anbefalt bruk av tid er som å tru på dodraugen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
The Incredibles
Før: Ein desemberdag for tre år sidan var dette ein passe god animert film, ikkje alfa omega. Eg kjente igjen musikktypen (litt «James Bond»?) og forskjellige element frå superheltehistoriar, ei viss old school feeling og glimrande animasjon. Parodieringa på superheltfilm var noko eg meinte i ettertid var svært viktig i filmen, og det morsomaste. I lyset av «Shrek 2» synst eg derimot den låg eit hakk under på det humoristiske. Ca. dette var å lese i Filmdagbokinnlegget frå den gong.
No: Å kalle det ein parodi er feil ordbruk, «The Incredibles» er ein hyllest til superheltfilm og brukar flittig mange kjente trekk. Ved å bruke animasjon kan det heile gjerast ganske vilt i forhold til vanleg film med spesialeffektar utan at ein reagerar på det, endå nærmare teiknefilmsjangeren.
Alle referansane til superhelt- og agentfilmar er til å sette pris på. Handlingsforløpet er forutsigbart så det held, men filmen er flott utført og køyrer løpet godt. Disney/Pixar har laga ein film for (store deler av) familien, så nokre moralske preikenar må ein tåle ved sidan av lykkeleg slutt og samla familie. Dette er på si side det som trekk filmen ned eit hakk for min del sjølv om eg forventa det. Viktig å nemne er at spenninga ikkje går på bekostning av dette, The Incredibles har noko flotte høgdepunkt som aktiverar smilebandet, litt mør er den i botnen med dei godt skjulte drapa sine og fiendtleg destruktivitet.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Basert på novelle av Philip K. Dick, som mange andre sci-fi filmar inkludert «Minority Report» og «Paycheck». Med Arnold Schwarzenegger, og eit hav av morsomme kommentarar. Tanken om at det er ein god forfattar som står for inspirasjonskjelda var nok det som fekk meg til å sjå filmen i første omgang. Det er ein underhaldande film, og i staden for at alt er i CG, som (tør eg sei jallafilmen) «The Island», får med ein større porsjon ekte kulisser og køyretøy. Eg påstår ikkje at kvaliteten her er topp når det gjeld alt det der, men det gir i det minste ei særeigen stemning.
(3 hittil)