I 1999 kom brødreparet Weitz i lag med Adam Herz ut med det som er ein av dei meir vellykka tenÃ¥ringskomediane sidan den moderne varianten av sjangeren oppstod pÃ¥ starten av 1980-talet. «American Pie» er, ved sidan av Ã¥ vere den filmen eg har sett flest gonger i løpet av livet mitt, ei vellykka blanding av pÃ¥-kanten humor og hjarte. Her fÃ¥r me for første gong møte Jimbo, Kevin, Finch og Oz… og Stifler. Desse fire (eksl. Stifler) er faretruande nær Ã¥ fullføre high school som jomfruer og inngÃ¥r ei pakt om Ã¥ støtte kvarandre til «pakke ut pikken og faktisk bruke den», om Stifler (Seann William Scott) skal siterast.
«American Pie» byr i all enkelheit på fire delvis ukontrollerbare tenåringsskjebnar, nokon meir enn andre, som blir forsøkt overvunne. Jimbo (Jason Biggs) fungerar som ein slags hovudperson og filmseriens bindeledd og gir oss den eine flaue episoden etter den andre, episodar me kan trekke lærdom av viss me legg veldig mykje kreativt tankearbeid i prosessen. Far til Jim er eit morosamt sidekick her som mellom anna tek far/sønn-samtalen til dei grader ut av proporsjon og legg ny meining i ordet forståelsesfull.

Kevin er den i gjengen som allereie har kjærast og ventar på det rette augeblikket. Finch er rar, men smart og Oz er sportsfyren som prøver å bli følsom for å vinne damer via utappa resurssar som skulens kor. I den første filmen skal desse tre absolutt ikkje oversjåast, men det vil vere uheldig å bruke for mykje tid på å fortelje deira personlege sider rundt ein film som «American Pie».
Det flotte med filmen ved sidan av at den byr på mange morosame augeblikk er at den tek for seg ei veldig viktig side ved å vere tenåring; å finne ut kven ein er og kva ein vil. At karakterane her har ulikt hell på område betyr lite, når dei 90 minuttane filmen varer er over sit ein ikkje igjen med kjensla av å ha sett pur rølpekomedie, sjølv om fleire av dei komiske augeblikka her strengt tatt er på kanten til usmakeleg opplever eg «American Pie» på heilt anna vis enn f.eks. nyare «National Lampoon» eller spinoff-serien «American Pie Presents» som strengt tatt ikkje har noko med dei tre første filmane å gjere. Historiane til karakterane har komme gjennom skalet og vegen gjennom dei tre siste vekene av high school går i behageleg tempo der viktige trinn undervegs får akkurat nok merksemd.

«American Dreamz», dreamz with a z, er av den type film som har ein god og morosam filmtrailer som eg gjerne ser meir enn ein gong. Filmen er dessverre ikkje, noko som ikkje er overraskande, så god som den gir uttrykk for i filmtraileren. Den er derimot betre enn mykje av det andre som kjem ut, i og med at den tek satire på eit nivå som i grunn ikkje foreset anna enn basiske amerikakunnskapar, og kombinerar det med den vanlege typen humor. Med det tenker eg på Hollywood utan fyll og fest.
Hadde trudd dette skulle bli ein typisk romance/comedy/drama film, men heile romance greia er tona sopass ned at dette blir ein perfekt miks, og det er ein av tinga eg likte skikkeleg med filmen. Heile greia med korleis filmen utviklar seg etterkvart er ogsÃ¥ bra, pluss at rollefigurane er gode. Topher Grace, kanskje mest kjent som Eric Foreman i That 70s Show, gjer ein stor prestasjon pÃ¥ lerretet, der han syner at han ikkje berre er ein «eit shows» skodespelar. Enkelte sider ved karakteren hans kan minne om Eric Foreman, men det er vel dÃ¥ kanskje det som er kjennemerket til Topher Grace, dette gjenstÃ¥r Ã¥ sjÃ¥. Han har spelt i filmar før, men det er første gong eg ser han i ei sÃ¥ stor rolle. Scarlett Johansson, naturleg og yndig, er heller ikkje til Ã¥ klage pÃ¥ i denne filmen. Til slutt er det Dennis Quaid, ein skodespelar som eg eigentleg aldri har lagt spesielt merke til. Eg har sett han i The Day After Tomorrow og Cold Creek Manor, men før no har eg ikkje kunne kjent han igjen pÃ¥ namnet.