IMDb: 6.4/10 (265 votes)
Pen-Ek Ratanaruang er ein thai-regissør eg stifta nærare bekjentskap med under Kosmorama i 2008 med Ploy, og likte så godt at eg raskt fulgte opp med Last Life in the Universe. Sidan den gong har eg ikkje gjort meir ut av filmografien hans, før eg no nyleg fekk ein impuls om å oppdage fleire asiatiske godbitar.

Nang mai eller Nymph handlar om det merkelege som skjer under og etter ein skogstur med eit ungt ektepar. Stemninga er guffen og filmen går nok litt under huda på ein på sitt verste. I motsetnad til tidlegare Ratanaruang-filmar blir eg ikkje engasjert av historia eller måten den er fortalt på. Utgangspunktet for å sjå filmen var perfekt, utan forstyrrelser eller anna programfyll, men verken myte eller personar gjorde det største inntrykket.
Nymph er nære ved å vere ein god thriller, men brukar for lang tid på ingenting før det skjer noko av interesse.
5/10
IMDb: 7.8/10 (3,394 votes)
Pen-Ek Ratanaruang var eit namn eg beit meg merke i under årets Kosmoramafestival, hans film «Ploy» har eg skrive kort om tidlegare, denne gongen er det «Last Life in the Universe» som har blitt sett.
Kenji er japansk, stillferdig, bur i Thailand og har ein fascinasjon for sjølvmord, ikkje fordi han har økonomiske problem eller slit med depresjon, men fordi døden er så stille ein plass. Når broren kjem på besøk frå Japan etter å ha gjort sjefen sin sur, noko ein helst ikkje gjer i yakuzaen, må Kenji flytte hobbyen sin utandørs. Under ein episode på brua møtes hans skjebne og ei jente han har fanga glimt av på biblioteket der han jobba, men før ting får skje som me forventar blir alt snudd på hovudet og filmen tek ei uant retning.
For oss som ikkje forstår japansk og thai mistar «Last Life in the Universe» litt av poenget, ein anar at det er litt surr på talefronten, men faktum at dette er ein trespråkleg film forsvinn i lesing av undertekstar. Dei to hovudpersonane byter stadig mellom japansk, thai og engelsk etter som det måtte passe dei. Dette surret som eigentleg er meir sjarmerande enn forvirrande for oss, gir også meining bak dei korte dialogane. For å få med seg handlinga må ein lese symbola i filmens bilder, og eg mistenker eit snev av meining forsvinn for meg her ettersom eg står utanfor japansk og thaikultur.
Likevel, «Last Life in the Universe» er ein kjempefin film, tross den mørke undertonen formidlar den ei varm menneskelegheit som gjer det til kos å sjå på. Ratanaruang veit korleis han skal bruke ulike miljø for å plassere karakterane sine og brukar kontrastar mellom ryddig og kaos for alt det er verdt. Møtet mellom slike karakterane byr på interessante scener og får det til å verke som Ratanaruang berre har geleida desse i lag og observert utanfrå kva som skjer og fanga det på film.
8/10
IMDb: 7.0/10 (571 votes)
Wit og fruen har tatt turen tilbake til Thailand for å delta i ei gravferd. Dei har ikkje det mest knirkefrie forholdet lengre og kranglar i blant for å vise at dei framleis bryr seg om kvarandre. Når Wit tek turen til hotellbaren møter han 19 år gamle Ploy (veldig søt jente!) og hamnar i samtale om f.eks. den thailandske reggaeartisten Job. Etterpå tek Wit Ploy med seg opp igjen på hotellrommet, der kona er, ikkje for sex, men for å tilby sofaen som ei meir komfortabel ventesone enn baren. Kona blir småsur, og for ikkje å oppsummere andre halvdel av filmen kan me stoppe her. Eg finn ikkje heilt fram til å sette ord på det spesfikke som fekk meg til å like filmen (veldig søt jente!), det skjer ikkje så veldig mykje, men igjen er det behageleg å følge med på og eg fekk «Lost in Translation»-vibbar. «Ploy» tek aldri for mykje i og overlet akkurat passe til fantasien.
7/10