The Lovely Bones (2009)

IMDb: 6.6/10 from 49,989 users

Det tok tid før eg fann ut om eg likte The Lovely Bones eller ikkje. Peter Jackson, regissøren bak Lord of the Rings, King Kong og herlege splatterfilmar, står bak denne seriemordar-thrilleren/etter livet-fantasien.

Unge Saoirse Ronan set oss innleiingsvis kjapt inn i handlinga som forteljarstemma til filmen. Karakteren hennar, Susie Salmon, vil dø ein tidleg død som følgje av mord. Eit tidleg innblikk i planane til mordaren er med på å leggje dette opp til å bli ein dyster og spenningsrik film.

Samarbeidet mellom Saoirse Ronan og Peter Jackson var trekkplasteret mot filmen. Ronan leverte nyleg ein fantastisk prestasjon i agent-thrilleren Hanna, medan Jackson har eit solid nok resumé som det er.

Etter kvart som filmen får utløpe seg så byrjar den å miste grepet på kva slags film dette skal vere. Den mørke sida blir tona ned og forsvinn tidvis. Dataanimerte fantasilandskap tek over når vi bevegar oss i lag med Ronan over i tilvere etter døden. Ei hopping frå den håplause kvardagen til familien Salmon til lyse fantasiar og tilbake blir fast inventar og hindrar meg i å bestemme meg for om dette er ein glad film om mord, eller om det er ein trist film om paradiset.

Som i King Kong går Peter Jackson i The Lovely Bones løpsk med spektakulære dataanimasjonar. Problemet er at dei ikkje er med på å byggje opp under filmen i særleg grad.

Sjangerblandinga The Lovely Bones på over 2 timar blir ei stadig trøyttare affære til lengre ut i filmen den kjem. Med unnatak av eit innslag, ei tradisjonell kryssklypt innbrotsscene som er både nervepirrande og spennande, bit eg meg ikkje merke i noko som skil seg ut som over gjennomsnittleg.

Heller ikkje Mark Wahlberg, Rachel Weisz eller Stanley Tucci bidrar til å heve nivået. Unnataket er den fabelaktige Susan Sarandon som med sneipen i kjeften og konstant promille er blant dei få komiske avbrekka som passar inn.

Eg har hamra inn nok negative merknader om The Lovely Bones. Faktum er at den ligg nærare å vippe oppover enn nedover på karakterstigen. Kritikken i innlegget er først og fremst hinder for filmen i å nå potensialet sitt, som er å vere ein grei og delvis original thriller-sak. Og sett bort frå lengda er The Lovely Bones ein film som går an å leve med, men det blir ingen anbefaling.

5/10

Braindead (1992)

IMDb: 7.6/10 (36,867 votes)

Paquita blir spådd i kort av bestemora. Ho skal snart møte ein ung mann, som ho endå ikkje kjenner, og bli fullstendig forelska i han. Også nokon greier om døden, som bestemora raskt hoppar over.

Mannen som Paquita møter heiter Lionel. Romansen som oppstår mellom desse i filmens romantiserte 1950-talsmiljø får raskt ein fiende, mora til Lionel. Og for å hoppe over litt handling så blir altså ein person biten av ein rotte-apekatt frå Sumatra og slik oppstår zombien. Zombien blir til zombiar og nokon greier om døden blir eit problem for Lionel, som forøvrig er ein distrée og komisk person.

Braindead tek ikkje seg sjølv høgtidleg, men er ein gjennomført film. Den får like fullt fram ei barnsleg glede over å lage rå, mildt sagt dryg film. At den aldri har intensjonar om å heve seg over filmmediumet, men veit å utnytte spesialeffektar til det absurde og grenselause, gjer dette til ein herleg film.

At Braindead er i ein klasse for seg sjølv når det kjem til zombie mayhem, er det ingen tvil om. På andre område når den ikkje nødvendigvis opp, og sjølv om krava mine innanfor zombie og splatter er tilpassa sjangeren, kan Braindead tidvis dryge det med litt for mykje tull i oppbygginga mot klimakset.

Trass i at eg må vere litt streng med karakteren er Braindead noko av det mest friskaste, ville og blodige eg har sett på lenge (med tanke på ei klumpete grasklypparscene kanskje nokon gong). Og nettopp på grunn av dette må filmen anbefalast i høg grad.

7/10

The Lord of the Rings: The Return of the King (2003)

IMDb: 8.8/10 (206,643 votes)

LOTR Return of the KingTek eg ikkje feil er dette faktisk fjerde gongen eg ser filmen. Slikt gjer ein ikkje utan vidare. I denne forbindelsen var det faktisk pappa som fekk ei innføring i trilogien, så eg har også fått sett ca. halvparten av både einaren og toaren dei siste to vekene.

Alle tre held seg forresten godt. Både spenninga og dramaet er tilstades. Detaljane i bilde er overveldande og vil nok aldri gå tomt for nye inntrykk. Ein ting eg legg merke til meir og meir er dei enkle og forventa kommentarane (ev. store orda), som i fleire tilfelle blir som om manusforfattarane har plukka ut det mest fengande (frå boka) og bygd ein del augeblikk utelukkande på dette.

Men så har eg ikkje lese boka, difor veit eg eigentleg ikkje heilt kva det er snakk om, eller kva eg snakkar om. Sett trilogien i heilheit er det berre ein ørliten detalj å bry seg om. Nokre av orda gir meg endå ei god, kald kjensle nedover ryggen.

Med det har eg sagt meir enn eg skulle. Dette var ikkje meint som noko filmmelding, berre ei påminning om at dei som eingong likte filmane, sikkert likar dei endå.

7/10

The Lord of the Rings: The Return of the King (2003)

IMDb: 8.9/10 (160,663 votes)

The Return of the KingTiden flyr, noko som merkast dei gongene eg ser opp igjen ein av filmane i «Ringenes Herre» trilogien. Det er snart 3 år sidan den siste filmen kom på kino, og det er tredje gong eg ser filmen. I forbindelse med den oppteljinga oppdaga er også at det manglar eit innlegg i filmdagboka som skulle vore her i desember 2004, den gongen Extended Edition av «The Return of the King» kom ut på DVD, lite å gjere med det no.

Eg har ikkje mykje nytt å sei om «The Return of the King» som ikkje er sagt før, og kunne prøvd å finne opp ein kreativ måte å fylle dette innlegget på. Det einaste problemet er at eg ikkje er i det kreative hjørnet, og må overlate innlegget til kjedeleg tomsnakk. For noko må stå her, så eg kan søke opp igjen innlegget neste gong eg ser filmen, og lurar på kva eg tykkte sist. Vent litt, når eg seier det på den måten så må eg vel skrive litt sakleg likevel.

Denne gongen var «The Return of the King» ei anna oppleving, ettersom det var første gongen sidan den gjekk på kino eg såg den i surround, og første filmen eg såg på mitt endelege 5.1 surroundsound anlegg, som har latt vente på seg i fleire år. Lyden var difor ingenting å utsette på, heller ikkje filmen for den del, den var like sterk kjenslemessig som sist viss eg enrindrar korrekt. Den var også litt i lengste laget som sist, og kravde på sitt vis to dopausar.

7/10

King Kong (2005)

IMDb: 8.3/10 (11,383 votes)

King KongAltfor lang, altfor mykje bråk. Eg var rett og slett trøytt av det etter ei stund. Det som var meint å vere trist, var ikkje trist, og det som var meint å vere morosamt, var ikkje morosamt. Sjølve filmproduksjonen er i og for seg ikkje så dum den, det osar av kvalitet i kulisser (les: blåskjerm og dataanimasjon). Men la deg ikkje blinde av namnet Peter Jackson, for dette er ingen 8. underverk.

For å vere litt snill her. Skodespelarane! Eg har sansen for Naomi Watts, ho er ei sann Hollywoodstjerne, men får ikkje responsen ho fortenar frå den store apekatten, som eigentleg ikkje er der. Så det føles ikkje så ekte. Jack Black gjer det han kan, nemleg å bruke mykje kroppsspråk og ansiktsuttrykk i si tolking av Carl Denham. Adrien Brody er her, men eg legg ikkje så mykje merke til han, kjærleikshistorien mellom rollefiguren hans Jack Driscoll og Ann Darrow (Watts) kjem likssom litt i skuggen. Kanskje det er ein god ting? Colin Hanks, kjent frå bl.a. «Orange County» og «Roswell» kan også spele, men filmen hadde klart seg utan rolla hans. Er han meint å vere fornuften som held Mr. Denham tilbake? Og Andy Serkis, kva gjer han her?

6/10

The Lord of the Rings: The Fellowship of the Ring (2001)

IMDb: 8.8/10 (127,654 votes)

LOTR Fellowship of the RingSett den ein del gonger. Framleis bra. Litt lang. Actionfyllt og utdjupande.

8/10