IMDb: 7.8/10 (82,684 votes)

Dette er ein film som lovar mykje, men som aldri innfrir. Byrjinga er langsam, men ikkje av det keisame slaget, både rollebesetning, staden for handling og den generelle stemninga gav meg i lag med den på førehand leste oppsummeringa av handlinga håp om ei inspirerande forteljing om urettferdig behandling og håp. «Dead Poets Society» klarar ikkje å nå dit hen at eg blir inspirert av motet eller rørt av ulykkelege skjebnar. Robert Sean Leonard viser potensiale, elles er det ein bleik gjeng me vitnar. Peter Weir behandlar nok materiale for lett og ei middels filmoppleving speglar dette. Grei, men mangelfull.
6/10
IMDb: 7.7/10 (65,140 votes)
Dette må vere den tredje gongen eg såg denne gode Jim Carrey komedien. Som er ein slags søken for ei meining i eit veldig spesielt miljø. Vår mann, Truman Burbank (Carrey), blir portrettert som ei enkel sjel, men innerst inne ligg det meir på lager, og dette klarar Jim Carrey å få fram.
Alle rundt Truman er falske skapningar, innleigde skodespelarar viss personeleg forhold er reint profesjonelle. Truman er midt oppi dette det motsette, ein varm person med god karisma. I denne søken etter ei meining får me ei nyasert blikk på det som skjer rundt Truman, men blir holdt litt på avstand frå dei innerste følelsane hans. Tilogmed scenene han snakkar med seg sjølv, som på badet i speigelen, så snakkar han ikkje om det han føler. Her ligg litt av utfordringa i filmen.
Men på overflata er dette ein glatt komedie, som ikkje lykkast nok til å skape ein ekstraordinær og djup film.
6/10
IMDb: 7.4/10 (10,639 votes)
Einsformig og kjedeleg. Forutsigbar. Men klara dra det heile i land likevel.
7/10