«Yes Man» er det beste Jim Carrey har gjort på fire år. Den er relativt ukomplisert, med eit like tydeleg tema som «Liar Liar», men eg likte «Yes Man» betre. Det er gjort plass til ei søt og rar Zooey Deschanel, som tilfører filmen sjarm der Carrey tilfører djubde i sin oppgitte karakter. Ting går av stabelen etter kvart, men dette blir aldri filmen som skal moralisere. At den ikkje skal moralisere betyr ikkje at den er utan stemme, filmen har eit enkelt og fornuftig poeng. Komedien står liekvel alltid i senter, og den køyrer løpet ut utan særskilde dødpunkt.
I denne enkle ungdomsfilmen med potensiale møter me cheerleadingteamet til den oppdikta skulen Rancho Carne High School, eit kort stykke utanfor Los Angeles. Fotballaget til R.C.H. er dårlege nok, men cheerleadingteamet har vunne «nationals» fire år på rad og er populære i lokalmiljøet.
I den sentrale rollen som Torrance, den nye kapteinen til teamet det følgjande skuleåret, har me ei søt, men litt stiv Kirsten Dunst. Ho viser ei bra side som privatpersonen Torrance, men manglar ei viss ledigheit som synast å følgje framstilingar av spretne cheerleaders i amerikansk populærkultur, og det er ein del av det eg forventar.
På overflata er «Bring it on» ein enkel gladfilm, det er høgt tempo, musikk med trøkk i (om ikkje alltid min favorittsjanger), og relativt pene folk. At filmen ikkje serverar ein «rags to riches»-historie, gir den inntrykk av å ha meir å spele på enn eit lag sitt mål om å vinne.
Det som er synd er at Peyton Reed, regissøren her, aldri vågar å ta sjansar. I løpet av 100 minuttar streifar me innom fleire gode tema og problem som det kunne ha blitt via meir tid til refleksjon av, som kunne bidratt til å gi «Bring it on» den djubda eg synst den fortenar, utan at det hadde gått på bekostning av cheerleadingplottet. Behandlinga av Torrance sitt forhold til det nye søskenparet på skulen og dei homofile sin plass på teamet er skyvd i bakgrunnen.

Grunnen til at eg saknar dette er at me i det heile får ein smakebit av det, måten det berre blir streifa innom gjer at eg ser på filmen si handtering av problem som generelt litt for enkel å gripe fatt om. Det er positivt at det ligg under overflata at det er meir ved desse folka og denne skulen, men trekk ned at det ikkje er forsøkt hardare å bli behandla.
Det sagt, filmen har fleire gode sider enn negative, den blir for eksempel aldri kjedeleg og fyller godt sekken for underholdning. Humor er på plass, koreografien og generelt all cheerleading er eksellent utført. Karakterutvikling viser fram jentene med ei modenheit nok til at det verkar naturleg, i lyset av at formatet er Hollywoodungdomskomedie.
Oppsummert: Potensiale, fråver av dødpunkt, desse to tinga er med på å trekke middels god ungdomsfilm opp frå å vere ein av mange ubetydelege gjennomsnittsfilmar.
Rundt premieretidene til denne filmen var det ein del snakk om dette som gjennombrotet til Vince Vaughn i Hollywood. Men for alle som har fulgt nok med dei siste Ã¥ra sÃ¥ blir det litt feil Ã¥ sei det pÃ¥ den mÃ¥ten. Sidan slutten av 90-talet og utover har rollane til Vince Vaughn, med enkelte unntak, blitt større og større, og Ã¥ fÃ¥ ei slik rolle som i denne filmen ser eg difor pÃ¥ som ei naturleg utvikling. Ã… bruke ordet gjennombrot fÃ¥r parallellar til at fyren ikkje har gjort noko som er verdt Ã¥ legge merke til før, noko visse vil pÃ¥stÃ¥, men som ein som ikkje avskyr Vaughn pÃ¥ dÃ¥rleg grunnlag — sÃ¥ meinar eg at fyren har vore ein viktig birolleskodespelar og person i The Frat Pack. PÃ¥ ei anna side kan eg inngÃ¥ eit kompromiss med pÃ¥staden om dette som eit gjennombrot, fyren har bÃ¥de ei hovudrolle og unngÃ¥r eit desperat forsøk pÃ¥ Ã¥ vere morosam. Det siste er veldig viktig, ettersom litt av problemet i The Frat Pack filmane er dei desperate forsøka pÃ¥ Ã¥ vere morosam over heile linja.
Frå Vince Vaughn til filmen: I motsetning til dialogane som gårsdagens film med Jennifer Aniston fokuserte på, er det her meir handling og tydelege følelsar opp i bilde. Det heile baserar seg på at to sambuarar; Gary Grobowski og Brooke Meyers, slår opp. Filmen følger dei kommande forsøka deira på å såre den andre personen, sidan dei ikkje vil vere den svake parten. Det flotte med dette som ein komedie er at det ikkje blir forsøkt å skape hysteriske settingar heile tiden for å halde interessa oppe. Filmen balanserar godt heile vegen gjennom, og klarar å behalde den seriøse undertonen, samt at den ikkje trår i fella med å bruke karikaturar som overtrår realistiske personar.
Det finst mange ting å trekke ned på filmen, og alt eg har nemnt over stemmer ikkje på heile filmen, dette er og blir ein film som er laga for å selge, det er ikkje til å unngå. Men den tek ein anna form enn det eg er van med frå slike filmar, og det skal den eit pluss for. Mitt andre pluss vil gå til Vince Vaughn og Jennifer Aniston, dei serverar gode rolleprestasjonar på 1970-tals grønne porselensfat (= intern spøk).
