Hellboy Animated: Sword of Storms (2006)
User Rating: 6.3/10 (259 votes)
Mellom Guillermo del Toro sine «Hellboy»filmar har det blitt laga to animerte tv-filmar om den raude teikneseriefiguren. «Swords of Storms» er den første av dei, og kom i fjor.
Teiknefilmanimasjonen har fått stemmene til skodespelarane som tolka dei viktigaste karakterane i del Toro sin 2004-film. Altså Ron Pearlman som Hellboy og Selma Blair som Liz. Sjølv om stemmene er på plass og filmen har meir enn nok av action, er det noko som manglar.
Det er ingenting her som gjer dette til ein unik filmopplevelse, heile tida har eg inntrykk av at eg ser på Cartoon Network eller liknande, med tamme og forutsigbare slossesekvensar på rekke og rad. Som relativt liten fan av dei moderne animasjonane på kanalen hadde samanlikninga uansett ikkje vore noko kompliment.
Animasjonsteknikken her ser enkel ut, utan at det er ei direkte årsak til at eg kjedar meg, mange av teikningane skal faktisk seiast å vere fine, spesielt dei frå den forhistoriske Japan-delen av filmen. For i «Swords of Storms» må nemleg Hellboy hamle opp med demonane for lyn og torden i den japanske kroken av verda.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Comments Off