They’re a Weird Mob (1966)

IMDb: 6.5/10 8277 votes)

theyreaweirdmob«They’re a Weird Mob» er eit portrett av møtet mellom ein veldig italiensk mann og eit veldig australsk Australia. Spesielt sprÃ¥ket som barrikade i dette møtet er framheva og klart. Det handlar om dei ulike mÃ¥tane ein kan møte eller ta i mot andre kulturar pÃ¥, og det heile er sett pÃ¥ spissen ved at Australia som sjølv er bygd pÃ¥ innvandring er staden dette skjer. «They’re a Weird Mob» lykkast bÃ¥de i sin enkle kulturkrasjhumor og framstilling av ein meir seriøs kamp for Ã¥ bli godteken som ny landsmann. I størst grad vinkla positivt blir det óg lun underhalding.

7/10

Ill Met by Moonlight (1957)

IMDb: 6.5/10 (500 votes)

01_Ill_Met_by_MoonlightBritiske spesialsoldatar skal kidnappe ein tysk general. Deretter gjeld det å kome seg unna. Premissane er like i «Ni liv» og «Kampen om tungtvannet». «Ill Met by Moonlight» lykkast i å vere ein hyllest til bragda, sjølv om den ikkje alltid er like spennande. Som med fleire andre Powell & Pressburger-filmar er det eit nyansert bilete av dei mest sentrale karakterane, og ein respekt for personen trass i nasjonalitet og side i krigen. Eit nydeleg svart/kvit-foto må trekkast fram, som stadig slo tilbake og imponerte, og den forvirrande uoversatte tekstinga av blanda språk tilfører eit likevel positivt skilje.

6/10

The Red Shoes (1948)

IMDb: 8.1/10 (5,064 votes)

«The Red Shoes» hadde ingen skodespelarar eg var kjent med, er laga av to menn (Powell og Pressburger) som eg har sett ein knapp film av tidlegare, og skulle handle om eit relativt uutforska tema, ballett.

Den første av dei ni filmane i DVD-boksen «The Powell & Pressburger Collection» (det finst fleire variantar) eg såg var «A Matter of Life and Death», ein på mange måtar fin film som eg likevel ikkje klarte å engasjere meg i det store for. «The Red Shoes» blir såleis den første i samlinga som gir meg eit verkeleg ønske om å utforske samarbeidet mellom Powell og Pressburger vidare.

Her handlar det altså om ballett. Moira Shearer spelar ballerinaen og Marius Goring komponisten som ca. samtidig blir teke inn i varmen hjå den store ballettimpressarioen Lermontov (spela av Anton Walbrook). Dei møter stor suksess og som publikum får me oppleve store mengder av dansinga og musikken som skal vere årsakene til denne. «The Red Shoes» er såleis ein svært rik film på inntrykk, der ideen omkring suksessen ikkje blir tatt for gitt, snarare delt. For å ikkje gjere dette for sært har hovudstykket me ser mest i frå blitt basert på eit eventyr av Hans Chr. Andersen, eit folkeleg val.

Det eg gledar meg mest over ved denne er fantastisk skodespel, Anton Walbrook viser mange sider ved den strenge Boris Lermontov og Moira Shearer har føter av fjær og ansikt som ein sukkerklump. At filmen sitt visuelle fargesterke uttrykk er til å bite i kan eg heller ikkje nekte for, dette går sant saman med, skal eg sei oversminka, skodespelaransikt.

7/10