Tarantino er dyktig, utan tvil, men han er litt for glad i den lange samtalen. Eg er fan av god dialog, gleden eg får av Woody Allen-film bør vere bevis nok på det. Men «Inglourious Basterds» blir for mykje snakk utan sjel, mange av scenene er lengre enn gode, og det går ut over ein film som elles kunne ha vore ein sann fornøyelse frå start til slutt. Stykkvis er «Inglourious Basterds» ein filmatisk orgie av både vold og godt skodespel, og stadig innstikk av raritetar som hindrar ei landing i eit altfor trygt spor. Nær, men ikkje nok.
«Death Proof» er første film i den tenkte doublebillen «Grindhouse». Regissert og forfatta av Quentin Tarantino. Med Kurt Russell, Rosario Dawson og Vanessa Ferlito som nokre av stjernene. Det er gamle B-filmar som er brukt som inspirasjon for denne (og «Planet Terror». Filmen handlar kort sagt om pene damer og ville stunt, men dei som kjenner Tarantino veit at det óg vil vere mykje god dialog her. Deler av dialogen kunne me ha blitt spart, for «Death Proof» blir litt for mykje show-off av Taraninto si nerdekunnskap enn underholdning i store deler av filmen. Folk går mykje rundt utan mål og meining. Etter kvart blir «Death Proof» ein film med meir meining, som absolutt fortenar godsnakk. Vill bilkøyring dominerar. «Death Proof» endar overraskande med å glede meg ganske mykje til slutt, den krevde berre litt ekstra konsentrasjon og tålmodigheit i starten.
Eg skjønnar ikkje heilt kva som skal vere så bra med denne filmen, det er faktisk litt kjedeleg. Det er lite som skjer, og det skjer ikkje på ein så altfor spesiell måte. Bortsett frå eit par stilige songar og gode skodespelarar ser eg ingenting anna som er verdt å nemne. Er eg den einaste som ikkje er Tarantinofrelst?
Fantastisk herlege og morosame slåsscener. God inspirasjon. Topp film.
Må vel sei eg likte einaren betre pga. meir slåssing der. Veldig bra samansett film. Ser fram til den gongen det kjem ein samansett versjon av «Kill Bill», så heile filmen kan vurderast i eitt.
