Freddy’s Dead: The Final Nightmare (1991)

IMDb: 4.4/10 (8,052 votes)

Freddys DeadSjette film i «A Nightmare on Elm Street»-franchisen.

Ho ho, dette heng ikkje på greip, seriens hittil dårlegaste startar med frisk blod, ingen direkte bånd er å finne til dei tidlegare filmane, om ein ser bort i frå Freddy då. Robert Englund har fått lov til å stå øverst på rollelista dei siste tre filmane eller så, han er utan tvil dei einaste skodespelaren som gjer seg verdig til tittelen skodespelar her.

Me får vite; at alle barna i Springwood er døde, utanom ein, han vaknar opp utan å hugse noko i ein av nabobyane og trekk med seg nye folk inn i marerittland. I løpet av filmen utforskast det tidlegare familielivet til Freddy nærmare, me får sjå Englund for første gong utan brannsåra i ansiktet og oppleve han som ein sann psykopat i tillegg til draumemonster. Denne sida ved filmen er saman med ein 10-sekundars cameo av Johnny Depp med på å trekke dette opp til å bli akkurat så dårleg at eg verken kjedar meg eller gledar meg.

Det er veldig lite som er verdt Ã¥ nemne om «Freddy’s Dead», det tok ein time før historien fekk eit lite fotfeste som i heile tatt forklarar kvifor dette er ein film og ikkje berre ein kompilasjon av ubrukt materiale frÃ¥ avlyste «A Nightmare on Elm Street»-prosjekt. Eg ser likevel fram til den neste i rekka, dÃ¥ Wes Craven er tilbake bÃ¥de som manusforfattar og regissør der.

3/10