Filmdagbok
ness
28-aug-2006

White Heat (1949)

White HeatUser Rating: 8.1/10 (4,303 votes)

Film-noir gangster style. Ein ‘ny’ variant for min del, men fortsatt ein god film. Med James Cagney som gjengsjef Cody Jarrett og Edmond O’Brien som undercover purk.

Gjengen til Jarrett ranar eit tog, og for å sleppe unna straff om noko skulle skjere seg har Cody gått inn for å la seg fengsle i ein annan stat for ei anna mindre kriminell handling. Politimannen Fallon (O’Brien) let seg fengsle i same fengselet for å komme nær Cody, og bli ein venn av han.

Det som gjer denne filmen til ein film noir er (direkte oversatt frå Wikipedia) skyggefull svart/kvitt kinematografi, femme fatale (i form av Codys kone, Verna (Virginia Mayo) og den skrudde psyken til Cody. Dei to første punka var dei einaste eg la merke at kunne vere kjenneteikn for sjangeren, det tredje var rimeleg ukjent for meg som definisjon.

Uansett sjanger, White Heat er ein god spenningsfilm og gir god underholdingsverdi. Mitt første møte med James Cagney gav meirsmak, ein interessant skodespelar som gjer seg godt som halvskrudd gangster. Fallon spelar litt annleis politi enn eg er van med frå film noir, og har verken sigaretten i munnen eller sansen for Mrs. Jarrett, ei fin avkopling.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10