Love Actually (2003)

IMDb: 7.9/10 (87,400 votes)

love_actually_ver3Luke nr. 3. Kvar gong svarar den til forventingane, «Love Actually» eg alltid set pris på eit gjensyn med og den set meg i god stemning. Om det er fordi eg let britar sleppe unna med meir sentimentalitet, fordi blandinga av komedie og drama her er råfin, eller fordi den er full av skodespelarar eg har eit godt forhold til, det kan vere.

Tittel og plakaten speglar innhaldet på treffande vis, det er ein kjærleiksfilm og det er ein film utan ei stor hovudrolle. I frå den britiske statsministeren i skapninga av Hugh Grant til ein sørgjande Liam Neeson, filmen er stykkja opp i mange små historier som alle heng saman på den enkle måten ved å ta plass i same fiksjonsunivers. Sjølv om historiene er mange blir ein sittande igjen med ei fullkommen oppleving. Ein fare med å ta med og ta for seg så mykje er å ikkje få tid nok til alt, men personane her er lette å bli kjente med og alt går glatt.

Handlingsreferatet er unødvendig, på forenkla vis ville eit slikt blitt keisamt, og elles ville det teke for stor plass. Kortfatta kan filmen skildrast som eit førjulskøyr i fleire menneske sitt kjensleliv, der det går veldig mykje opp og ned, tonen til filmen er likevel for det meste med på å gi deg små stikk av glede framfor noko anna.

«Love Actually» har som eg hinta til innleiingsvis høg gjensynsverdi, når jula nærmar seg får eg stadig lyst å sjå den igjen, sjølv om eg har sett den fleire gonger før. Ting som julehiten til den gamle rockeren Billy Mack (Bill Nighy) er ein av eit drøss småting i filmen som er sler an kvar gong. Ikkje nok med at eg trekk på smilebandet når eg ser den, men eg blir i steikje godt humør.

8/10

Love Actually (2003)

IMDb: 7.8/10 (38,702 votes)

Love ActuallyEin likandes film som eg ikkje kunne la vere å ha eit gjensyn med når den dukka opp på NRK1 i kveld. Denne blei trekt ut som favoritten min av typen romantisk film for 2005, og har ikkje tapt seg eit gram no.

Her er det mange smÃ¥, fine historiar som eigentleg har lite Ã¥ gjere med kvarandre, og som alle tek for seg kjærleik pÃ¥ ein eller anna mÃ¥te. Om det skal vere enkel flørting, ei djup forelsking, godt vennskap, forelsking bak ryggen pÃ¥ vennen… denne filmen har vel det meste. Og med eit utval av nokre av Storbritannia sine beste skodespelarar blir dette like mykje Ã¥ sjÃ¥ dei kose seg i rollane sine, som Ã¥ sjølv nyte filmen.

8/10

Love Actually (2003)

IMDb: 7.8/10 (24,847 votes)

Love ActuallyRomantisk komedie innpakka i julepapir. Mange kjente og kjære namn og ansikt i rollebestninga gjer dette til ein fullkommen film. Hugh Grant som statsministar. Kris Marshall, også kjent frå komiserien «My Family», er ein av englands artigaste. På grunn av alle dei små historiane som filmen er satt saman av, og som alle er kopla saman på intrikat vis, så er ikkje denne filmen den typiske rett-fram-jalla-julefilmen.

8/10