Scrooged (1988)

IMDb: 6.7/10 (19,818 votes)

scroogedLuke nr. 21. «A Christmas Carol» av Charles Dickens er gjort i mange variantar, og etter å ha sett «Scrooged» slår det meg at komediane gjerne er dei som leverer best. Mellom anna «The Muppet Christmas Carol», og no denne.

Bill Murray er Scrooge, som går under namnet Frank Cross i denne filmen. Han styrer TV-nettverket IBC og er ein mektig kar som ikkje går i vegen for å behandle folk under seg som drit. Rundt juletider og under ein førebuingane av eit direktesendt «A Christmas Carol»-skodespel får han sjølv besøk av dei tre spøkelsa frå denne historia.

«Scrooged» er med Bill Murray i hovudrolla, naturleg nok ein komedie, ein morosam ein. Den er ikkje fullt så tåpeleg og enkel som ein del anna komedie Murray gjorde på 1980-talet, «Ghostbusters» ekskludert. Den tek seg nok fridomar frå historia den er basert på til at det blir kjekt å sjå på, og ikkje berre ein anna repetisjon av det klassisk verket til Dickens.

Alt i alt er dette ein av versjonane av «A Christmas Carol» eg kan like, utan at den er nokon klassikar i seg sjølv. Men den blandar humor på ein fin måte i lag med sentimentaliteten og verdiane Dickens framhevar.

7/10

Conspiracy Theory (1997)

IMDb: 6.5/10 (32,134 votes)

Conspiracy TheoryMel Gibson og Julia Roberts i «Conspiracy Theory», ein romantisk thriller med sterke humoristiske element. Gibson sin karakter er ein høgst paranoid person med ei usunn interesse for konspirasjonteoriar.

Naturleg nok rotar han seg bort i noko stort som involverar mektige menn. Likheitene med «Payback» på eit lågare nivå er til stor glede, grunna Brian Helgeland sin innsats på manuset.

Men «Conspiracy Theory» er i mykje større grad drive av humor og eit hav av one-liners: «I’m only paranoid because they want me dead.» Ikkje den filmen som vil bli hugsa for Ã¥ vere best, men den er likevel god underholdning trass i at Gibson kan vere litt i meste laget her.

«Conspiracy Theory» er dog ingen A4 film når det gjeld utviklinga heller, den har sine vriar og vendingar som fyller svært godt ut dei to timane den varer. Eg kjedar meg aldri.

6/10

Maverick (1994)

IMDb: 6.7/10 (14,782 votes)

MaverickSidan eg tok meg tid til å finne ut så mykje som at dette var ein pokerfilm, har eg sett fram til å sjå den. Det er kanskje 2 år sidan, men eg har aldri gått så langt som å kjøpe denne, så det har teke si tid. Tingen med filmen er at den ikkje er så veldig mykje prega av lande stunder med pokerspeling, men meir bygd opp rundt ei historie om nokre som skal skaffe pengar til å kjøpe seg inn i eit stort spel.

Mel Gibson gjer ein fin jobb som Bret Maverick, og står som eit godt eksempel på kva rollar eg likar å sjå Mel Gibson i. Jodie Foster er ikkje favorittskodespelarinna mi, men som Mrs. Bransford er no nesten søt. Men så er jo Maverick over 10 år gammal.

Filmen er som ein westernkomedie skal vere, innhaldsrik på ulike karakterar, og elles full i fart og spenning.

7/10