P.S. I Love You (2007)

IMDb: 6.9/10 (28,137 votes)

p_s_i_love_youHilary Swank spelar enke i det som er ein vellykka, men enn eit så gjenkjenneleg forsøk av eit romantisk drama. Det handlar om å komme over ektemannen, samtidig som han har lagt igjen eit drøss med beskjedar ho mottek etter han er gått bort grunna kreft. Handlingsreferat viser derimot ikkje filmen si gode side, det er rolletolkinga av Swank, som ikkje er mindre enn sterk. Det er eit handlingsforløp som aldri heng seg opp i, eller går for djupt inn i møter med folk undervegs. Likevel om filmen følgjer ei kjent rute. Rett og slett ein fin film, og enkel.

7/10

Paris, je t’aime (2006)

IMDb: 7.5/10 (7,826 votes)

Paris18 kortfilmar utgjer «Paris, je t’aime» («Paris, eg elskar deg»), der 21 regissørar har fÃ¥tt boltre seg innan den franske hovudstadens grenser. Eit samarbeid mellom britiske, franske og amerikanske gjer at det dukkar opp kjente ansikt bÃ¥de framfor og bak kamera pÃ¥ tvers av geografien. Det handlar lite om kven som har gjort kva dÃ¥ kortfilmen er eit utradisjonelt omrÃ¥de for mange av deltakarane og det til slutt er filmane framfor namna om dette fengar. Felles, som tittelen siktar til, er kjærleik i Paris det sentrale temaet. At ein veit dette gjer at mangelen pÃ¥ anna samanheng er uvesentleg, dÃ¥ det blir skapt ei heilheit av bitane.

Eg skal ikkje graute for mykje rundt omkring namn og Paris, sjølv om sistnemnte gjer seg godt pÃ¥ film og fortenar mangt eit godord som stemningsbyggar. «Paris, je t’aime» stÃ¥r som heilheitleg filmopplevelse pÃ¥ antall innslag av gode mot mindre gode kortfilmar. Eit fÃ¥tall stod seg ut som filmane med det vesle ekstra, der alt klaffa, mange av kortfilmane var gode og fekk fram smÃ¥ historiar utan Ã¥ trykke pÃ¥ alle dei rette knappane, skuffande nok var det godt og vel halvparten (pluss eller minus) som ikkje var meir enn ok. Desse ok kortfilmane var enten forvirrande utan Ã¥ gi inntrykk av Ã¥ skulle forvirre, tomme for kjensler utan Ã¥ skulle vere tomme, eller kortfilmar pÃ¥ middelmÃ¥dige historiar/handlingar som ser ut til Ã¥ ro seg i land pÃ¥ eit kjent namn bak eller framfor kamera. Desse mangla gjerne fingeravtrykk og framstÃ¥r som kortfilmar det ikkje er verdt Ã¥ nemne.

«Paris je t’aime» er ein fin kollaborasjon, men deler trekk det ned sÃ¥ eg aldri blir sittande med godkjensla lenge i gongen. Det eg mest av alt kunne tenke meg var ein «best of» pÃ¥ ca halvparten av tida, problemet i sÃ¥ fall hadde vore at andre som ser filmen nok har andre favorittar blant kortfilmane og ser andre verdiar i samanhengen mellom desse.

6/10