Me and Orson Welles (2008)

IMDb: 7.0/10 (3,582 votes)

Richard Linklater, ein utmerka filmskapar med eit imponerande rulleblad. Det har blitt nokre halvhjerta filmar her og der, men det er stort sett filmar han berre har hatt regien på. Filmar der han har hatt ein finger med i spelet på manussida er både Slacker, Before Sunset og Before Sunrise, alle filmar av ypparste klasse.

Me and Orson Welles er ein av dei andre filmane, utan Linklater pÃ¥ manussida. Det er ikkje nokon dÃ¥rleg film fordi, men heller ikkje Linklater sin beste. Zac Efron spelar hovudrolla som «me», eller Richard som han eigentleg heiter, ein 17-Ã¥ring med stor interesse for kunst og kultur som bestemmer seg for Ã¥ prøve livet som skodespelar. Han kjem inn i oppsetjinga Julius Caesar, ei moderne gjenforteljing av Orson Welles (Christian McKay). Gjennom Richard fÃ¥r me eit innblikk i kven Welles var.

McKay gjer ein stortarta prestasjon i tolkinga av Orson Welles, og er med på å skape ei interesse for den tidlegare berømte produsenten, filmskaparen og skodespelaren. I all hovudsak er dette grunnen til å sjå denne filmen, resten av gjengen framfor kamera leverer trygge framføringar, men det vesle ekstra manglar. Filmen er nære ved å mane fram kjensla om å vere delaktig i eit samansett teatermiljø, og hadde den komme så nære innpå at eg ville ha sakna gjengen etter filmslutt, så hadde det vore nok til å heve den to hakk. Men det blir berre nesten.

Neste film ut for Richard Linklater, der han både har regi og manus, er Bernie med Matthew McConaughey og Jack Black. Så får ein berre vente og sjå korleis det går.

6/10

Before Sunrise (1995)

IMDb: 7.9/10 (21,914 votes)

Before SunriseEg elska «Before Sunset», som føregår 10 år etter «Before Sunrise». Sidan eg såg den først, utan å vite om «Before Sunrise», visste eg det grunnleggande i denne filmen og utfallet. Det vart faktisk litt vemodig å sjå han, som å hente fram eit gammalt minne, eit minne eg aldri har hatt sjølv.

Jesse møter Celine på toget til Vienna. Dei har kjemi og Jesse (Ethan Hawke) har ingen problem med å få Celine (Julie Delpy) til å utsette resten av reisa si litt for å halde han med selskap før flyet vidare til USA går neste morgon. Sidan han er blakk og ikkje kan ta inn på hotell blir det gatevandring og kafébesøk den natta. Jesse er amerikansk, Celine er fransk.

Som sin etterfølgar er dette ein film med ein del snakking; deling av livshistorie og livssyn, småsnakk og alt som skal til for å bli kjent. Ettersom «Before Sunrise» er 10 år yngre (enn «Before Sunset»), er Jesse og Celine 10 år yngre. Eg synst det kjem godt fram i filmen at det er to unge menneske med livet framfor seg som møtes, og det er ein lett tone dei i mellom, med dialogar som virkar å dukke opp der og då framfor å komme frå eit manus. For å ta i bruk eit velbrukt utsagt: filmen er ekte. Avstanden frå latter til beundring er kort, eg storkosar meg heile filmen, når den så er ferdig vart eg nesten litt trist.

Å kombinere «Before Sunrise» med «Before Sunset» vil eg tru at er ein sikker langkveld i godstolen, sofaen eller sakkosekken!

10/10

Fast Food Nation (2006)

IMDb: 6.2/10 (1,011 votes)

Fast Food NationRichard Linklater har gjort det, han har skapt ein film som virkar som indirekte samfunnskritikk, og som framstår som eit godt drama. Med seg har han fått eit godt skodespelarensemble som hjelper på å gjere samanhengane i filmen interessante.

Sidan eg ikkje sjekka for godt før eg satte meg ned med filmen, forventa eg meg ein komedie. Det eg fekk var sjokkerande sanningar om sør-amerikansk hurtigmatproduksjon. Handlingane som blir gripe fatt i tek plass i småbyen Cody, som husar uttallige hurtigmatkjeder, samt eit av dei største slakteria i U.S.A. Fiktive namn blir brukt.

Alle sider av industrien, frÃ¥ slakting til produksjon, planlegging til sal, fÃ¥r me fortalt kortare historiar, fletta laust saman pÃ¥ ein enkel mÃ¥te. Ei kjede med namnet Mickey’s er trÃ¥den, og alle folka har ikkje nødvendigvis noko med kvarandre Ã¥ gjere.

No skal eg ikkje prøve å forklare så mykje meir om kva filmen går ut på, sidan det lyser gjennom at det handlar om mat, og at ei brutal sanning skal fram. Eg går eg over til filmen som heilheit i staden.

To timar varer den, litt i lengste laget, men Linklater har mange historiar han vil fortelje. Den viser litt frå her og der, og gir oss nok synspunkt og forteljingar å fordøye. Meir som ei kollasje enn ei historie som går mot ein slutt. I mine auger er dette gode saker, eg likar filmar som torer å kritisere utan å for Moore. Og som gir oss tid til å bli godt kjent med enkelte folk, likevel om det går på bekostning av andre.

Dette blei ein del fram og tilbake føler eg, «Fast Food Nation» er ikkje den lettaste filmen å skrive om. Den gjorde inntrykk og fekk meg til å føle avsky enkelte stader, andre er den for snill på. Mange kjente ansikt dukka opp på skjermen (ein del eg ikkje kunne namna på rett nok) og gav mang ei aha-opplevelse utover filmen. Bruce Willis blant anna; dukkar opp i ei enkel scene der han viser kor god skodespelar han er, for så å forsvinne igjen.

7/10

Dazed and Confused (1993)

IMDb: 7.3/10 (19,442 votes)

Dazed and ConfusedTydeleg inspirert av «American Graffiti», og omtrent like god. Med mange unge og oppkommande filmstjerner som Ben Affleck, Adam Goldberg, Matthew McConaughey og Rory Cochrane. Derav sistnemnte er nesten identisk med rollen han gjorde i «A Scanner Darkly».

High-school, øl, joints og feite amerikanske bilar. Det er ingrediensane i denne Richard Linklater filmen. Det er (nesten) alltid artig å sjå tilbake på nokon av dei første filmane til slike regissørar, for dei er gjerne meir om ungdommeleg moro enn seinare arbeid. Ikkje at det alltid stemmer, men «Dazed and Confused» er utan tvil ungdommeleg moro.

6/10

A Scanner Darkly (2006)

IMDb: 7.4/10 (4,592 votes)

Dette er ein film eg har vanskeleg for å skrive om. Tankane som surra i hovudet når eg såg filmen var veldig splitta, og høgre og venstre hemisfære kjempa hardt for å få siste ord i samanhengen. Men eg startar med det eg likte med filmen.

Animasjonsmetoden brukt i «A Scanner Darkly» er den same som i den tidlegare filmen til Richard Linklater, «Waking Life», og er laga med ein renderteknikk som heiter interpolated rotoscope. For dei som ikkje har sett filmtraileren eller «Waking Life» kan denne teknikken oppsummerast som eit teikneseriefilter på det ekte bilde. Dette gir moglegheiter for å endre bilde og legge til dataanimasjonar utan at det merkast på anna enn logisk vis. Det eg først og fremst merkar med filmen når den brukar ein slik teknikk er at folk og bilde kjem på avstand. Men i enkelte situasjonar føler eg i motsett fall at det er ein ledigare og meir truverdig holdning blant rollefigurane, og at dei blir meir nære.

Filmen er litt tung å fordøye, og eg ser det som ein fordel å ha kjennskap til romanen. Når boka skal bli ein film på 1t 40min så er det noko som blir borte, og då er det greitt å kunne fylle ut dette sjølv. Karakterane forutan Bob Arctor og Donna som ein kjenner betre frå boka, som Barris, Luckman og Freck, er mest med i starten, og blir plutseleg ikkje så viktige lengre.

Etter ca 60 minutt gjer filmen eit lite hopp på stigen, og dei siste 40 minuttane tykkjer eg er blant filmens beste. Ikkje at eg prøver å framstille som dei første 60 som dårlege. Det er mot slutten av filmen ting begynnar å skje. I starten er det meste glupe samtalar som finn stad. Det blir ei kunstig fordeling av handlinga i mine auge.

Eg kjem ikkje til å skryte på denne filmen noko på grunnlag av at boka var god, at filmen er laga av Richard Linklater, eller at stilen er spesiell. Dette blir ikkje meir enn ein grei film, eg hadde håpt på ein betre adapsjon.

6/10

Before Sunset (2004)

IMDb: 8.1/10 (16,412 votes)

Before SunsetEin så lang og god samtale kan eg ikkje hugse å ha sett på film før. Jesse og Celine møtes igjen 9 år etter dei var i lag i Vienna, ei historie som blir fortalt i filmen «Before Sunrise». Jesse er i Paris og er nettopp ferdig å signere den nyutkomne boka si, og plutseleg står Celine der. Dei bestemmer seg for å gå for å ta ein rask kopp kaffi før Jesse må nå flyet, og me følger dei på ein gåtur igjennom ein nydeleg del av Paris. Samtalen går rundt det meste frå draumar og romanse, til kommunisme og miljø.

Det er djubden i samtalen som gjer denne filmen så god, no har eg ikkje sett den forrige filmen, men følte ikkje at eg gjekk glipp av noko. Tonen blir naturleg, og får godt fram kva som er flautt, engajerande, frustrerande og morosamt. Og den stadige endringar av samtalemne skjer på ein behageleg måte. Historien til Jesse og Celine er knytepunktet som dei kjem tilbake til innimellom. Dette går likevle ikkje på bekostning av dei andre samtaleemna.

8/10

Bad News Bears (2005)

IMDb: 5.9/10 (2,571 votes)

Bad News BearsDenne filmen såg eg i utgangspunktet før jul, men ettersom eg heilt hadde gløymt å skrive om den her, så får eg putte inn det eg hugsar. For det er jo litt av poenget med filmdagboka mi, å få inn alle filmane eg har sett. Me møter Morris Buttermaker, spelt av Billy Bob Thornton, ein karakter som i sin alkoholiserte væremåte kan minne ganske sterkt om rolla Billy Bob Thornton gjorde i «Bad Santa». No skal det seie at denne filmen er ein remake av ein film med same tittel frå 1976, som eg ikkje har sett, men eg har ei sterk mistanke om at Glenn Ficarra, som både har vore med å skrive «Bad Santa» og «Bad News Bears», hadde Billy Bob Thornton i tankane når han valte å vere med å lage denne filmen på nytt.

Men for å komme til poenget mitt, denne filmen var eigentleg ikkje noko spesielt, verken i å vere morosam eller interessant. Iallfall hugsar eg den ikkje som sånn no, sikkert 4 månader etter eg såg den.

6/10