Halloween: Resurrection (2002)

IMDb: 3.9/10 (11,740 votes)

halloween_resurrectionSiste film i «Halloween»-serien før Rob Zombie køyrte ein omstart med nyinnspeling i 2007. «Resurrection» er klart den nest dårlegaste av filmane, og lenge eit slit å komme seg gjennom. Men så skjer det at filmen tek seg ørlite opp siste halvtimen, og klarar å bli, om ikkje god, så ikkje mykje dårlegare enn den femte og sjette. Filmen spelar på eit dårleg realitykonsept, lik «Big Brother» som var relativt ferskt og populært på den tida, men det blir meir komisk enn grøss og spenning. «Halloween»-magien som var tilstades i dei dårlegaste filmane (minus trearen), er også borte.

4/10

Halloween II (1981)

IMDb: 6.3/10 (15,023 votes )

halloween_ii«Halloween II» er omtrent like god som den første filmen, og på sin måte ein annleis film. Både terror og vedvarande scener med grøss er innslag, mens den første filmen spelte meir på oppbygging rundt det usette. Som oppfølgjar er den svært god, då den tek konseptet og gjer noko nytt ut av det, men beheld essensen, som er folks uunngåelege møter med Michael Myers. Jamie Lee Curtis er diverre langt mindre synleg enn i første filmen, og sjølv om det ikkje pregar filmen for mykje gjer einskilde rollar dumme val undervegs. Men det er spenning, og musikken er god.

7/10