Posts Tagged ‘Ricky Gervais’

The Office sesong 4

mandag, mai 19th, 2008

14 episodar.

Nok ein amputert serie frå NBC, eg nemnte «Scrubs» i eit tidlegare innlegg. «The Office» med Steve Carrell er ein god komedie satt til kontoret til papirdistributøren Dunder Mifflin, lagt opp som ein dokumentar/realitysserie, men med manus. Det eg la mest merke til i den fjerde sesongen er at fleire av karakterane har forandra seg sidan byrjinga av serien, dette har nok ikkje skjedd brått, men på grunn av fleire seriøse plotlines og grovare vitsing som rammar personane i større grad enn tidlegare kjem desse endringane meir til overflata. Framleis er «The Office» ein fin komedie å følge med på, eg har lite spesifikk forutan streiken å utsette på forløpet til fjerde sesong.

Ricky Gervais Live 3: Fame (2007)

onsdag, mai 14th, 2008

IMDb: 7.6/10 (250 votes)

Ricky Gervais, mest kjent for britiske «The Office», driv også på med standup. Dette er den tredje runden med nytt materiale som har funne vegen ut på video. No har eg ikkje sett dei tidlegare, så kor vidt materiale her når opp eller toppar det eldre forblir uvisst for min del.

For å ta det gode først, Gervais er flink til å komme med grove slengkommentarar som blir morosame fordi han ikkje held tilbake den spøkefulle tonen. Han legg også ein del opplysningar inn i vitsane sine og gjer det heile personleg på ein truverdig måte ved at han brukar seg sjølv som kjendis i senter for ulike begivenheitar. Fyren er smart, men tonar det ned fordi han ser litt slask ut. Når han kjem med treffande poeng blir det naturleg morosamt og han unngår den kunstige varianten som nokre tyr til, der dei tydeleg prøver å vere morosame.

Men Gervais fell likevel ikkje heilt i smak, mange av vitsane er eviglange og har ikkje gode poeng til å vege opp for tidsbruken, dessutan bør dei små anekdotane i seg sjølv vere morosame for å gi det ultimate standupshowet, det er ikkje berre poenget som er bra. At showet er veldig britisk er vel ingenting å klage på, så sant du ikkje er norsk og går glipp av halve moroa ved at han snakkar om folk du ikkje har peiling på. At eg ikkje får dette med meg er på sett og vis min eigen feil som ikkje har satt meg inn i miljøet, men eg synst det er ein valid grunn til å trekke ned på.

Alt i alt byr dette på nok moro til å halde det gåande, eg blei litt skuffa etter å ha hatt generelt gode erfaringar med standup siste par åra, då eg har sett namn som Jimmy Carr, Sarah Silverman og Pablo Francisco. Har du veldig sansen for Ricky Gervais tvilar eg på Live-DVDane er bortkasta tid, her fall det ikkje meir enn sånn passe i smak.

6/10

The Office sesong 3

fredag, mai 18th, 2007

23 episodar.

The Office sesong 3Tredje runde med denne serien held seg godt sjølv om tilknytninga ved å sjå dei to første sesongane samanhengande så smått er forsvunne, pluss litt for mange pausar innimellom. Likevel er «The Office» ein serie som står støtt på vekeleg basis. Dei svakaste episodane er middels gode på sitt dårlegaste, dei gode er blant det beste innan komiserie. Iallfall likar eg å tru det. Så har den skuffa, eller held det seg? Eg vel den gyldne middelveg om eg skal samanlikne med dei førre sesongane. Det kan sjå ut som serien har nådd toppen sin og aldri vil nå opp igjen til det punktet eg var mest inne i serien. Men forkaste den? Det vil eg ikkje. For «The Office» gir seg ikkje endå, ein fjerde sesong vil komme. Har du lese og lurar på kva eg snakkar om, ettersom Ricky Gervais driv med heilt andre saker for tiden, så er det sjølvsagt den amerikanske versjonen eg har plapra i veg om.

The Office sesong 2

torsdag, november 16th, 2006

22 episodar.

The Office season 2Sidan det var så få episodar i første sesong fekk eg aldri sjansen til å sette meg godt nok inn i serien til å vurdere den skikkeleg. Med desse 22 episodane ekstra blei det lettare.

Det eg likar med «The Office» er måte det heile er laga til på. Men ein slags fluga-på-veggen filming og eit usynleg dokumentar-crew kunne ein like gjerne vore ein av dei tilsette som snoka rundt. Ein får ikkje vite noko for sikkert, men må tolke situasjonane sjølv, eller sjå lenge nok til at nokon frå kontorgjengen gjer det.

Humoren er i mi gate. Michael Scott (Steve Carell) har dei verste vitsane! Så dårlege og flaue at det ikkje går an å ikkje le. Dwight Schrute (Rainn Wilson) er favorittkarakteren min, ein skikkeleg strebar som gjer alt for å vinne respekt hjå sjefen, men som heller oppnår det motsette. Også så dum og lettlurt.

Eg er hekta.

The Office sesong 1

tirsdag, november 14th, 2006

6 episodar.

The Office ses1Så det ikkje er tvil om det, her er det snakk om den amerikanske versjonen frå NBC med Steve Carell, Rainn Wilson, John Krasinski, Jenna Fischer og B. J. Novak.

Basert på ideen til Ricky Gervais, mannen bak britiske «The Office», som eg ikkje har sett meir enn 1 episode av.

Det var i grunn alt snakket om «The Office» i Cinema Blends The Weekly Blend Audio Show og The Frat Pack Tribute som gjorde at eg valte å sjekke ut denne serien igjen. Tidlegare har eg sett 1 episode denne am. versjonen, og det var episoden «The Alliance» som fekk mykje større meining når eg har blitt introdusert skikkeleg til serien.

Utover blei serien berre betre og betre, og eg vil utan tvil sjå meir av den.