American Gangster (2007)
User Rating: 8.2/10 (47,140 votes)
Først og fremst vil eg stadfeste mitt forhold til Ridley Scott som regissør, eg har med god grunn danna meg eit inntrykk av at enkelte tilber han for blant anna «Blade Runner», «Gladiatoren» og «Alien». Gode filmar, det må eg få påstå, men eg har vanskeleg med å favorisere mannen som også har laga «Black Hawk Down» og «Kingdom of Heaven». Det går stort sett i å finne fram til resten han har laga med ope sinn og ta det som ein kva som helst film, slik gjorde eg med «American Gangster».
Oscarnominasjonar (to i talet), IMDb Top 250-plassering (alt som før eller seinare er innom her i meir enn eit par veker er interessant nok), 79% på Rotten Tomatoes (som tross namnet betyr graden av friskheit blant etablerte amerikanske avisers anmeldarar). Dette er enkle poeng å strø rundt, men i blant er grunnen for å sjå ein film så enkel for min del.
«American Gangster» kan grovt delast inn i to parallellar, der Denzel Washington på si side har føtene i narkotikamiljøet har Russell Crowe har sine i politiet. Basert på den sanne historia om framgongen til Frank Lucas og den respektive etterforskinga leia av Richie Roberts, forventa eg som opningsteksten hinta til ei handling med rot i verkelegheita.
Film skal helst gi litt ekstra synst no eg, det gjer «American Gangster» godt, eg hadde likevel ikkje forventa meg at den skulle gå så grundig til verks med detaljane heilt i frå starten av, noko som førte til at den første stunda gjekk tungt for seg. Etterkvart kom eg på betre tankar, då eg eigentleg ikkje hadde noko å utsette på det som blei gjort og stykka byrja forme eit større bilde, kom eg til ro med at lengda strekker seg til oppunder 3 timar. Her ligg styrken til «American Gangster», viss tittel kan by på forventingar til litt av kvart, faktisk fortel historia til ein amerikansk gangster på grundig vis og gjer seg fortent til tittelen. Her blir alle korta lagt på bordet etter kvart, så mange at du klarar å halde styr på dei utan å sovne pga. manko.
Eg må innrømme at eg ikkje fulgte alt som skjedde i starten, kvifor får Richie Roberts kritikk for å vere ein eksemplarisk politimann? Svaret gav seg etter kvart. «American Gangster» kan virke som den hastar med einskilde småting i blant, bevisst gjort, før den kjem tilbake med ei forklaring seinare. At handlinga finn balansen i å dramatisere forutan å overdramatisere gjer at det blir lagspel mellom stempelet «basert på ei sann historie» og handlinga.
Alt i alt er «American Gangster» ein god film, det er vanskeleg å be om meir, forutan at den er lang - 3 timar er uansett innhold i lengste laget, er det smak og behag - sjangerføretrekking - som spelar inn på siste grunn. Eg sluker det meste eigentleg, har få fordommar (har me ikkje alle det i vår sjølvbilde?), men må innrømme at det skal litt ekstra til for krimfilm basert på sanne hendingar å utmerke seg i boka mi. 8 bør jaggu meg vere bra nok!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Tidlegare har eg berre sett delar av «Alien» frå 1979, så det var på høg tide eg fekk sett heile, for eg har fått inntrykk av at den var både skremmande og god. Inntrykket stemte, den var skremmande god. Filmen klarar å halde ei nervøs stemning gjennom store delar utan å overdrive på spenninga. Mykje av dette er takka vere den minimale blottinga av romvesenet. Det er vel ingen tvil om at det usette er skumlare enn ein hær av romvesen som flyg over skjermen. Fantasien er meir effektiv enn spesialeffektar. Slik er «Alien». Den har óg sine begrensingar på spesialeffektar, sjølv om det er litt, så er det horroren og thrilleren som blir vektlagt. I motsetning til nummer to i rekka?
James Cameron tok over spakane når «Alien» blei til «Aliens» i 1986. Dette merkast tydeleg når det gjeld actionbiten. Militære i jakt på fleire romvesen har erstatta eit forsvarslaust mannskap i kampen mot eit enkelt. Pengar er pøsa på spesialeffektar utan at det har så mykje å sei for min del. Eg blei skuffa over den store forskjellen mellom desse to filmane, for eg hadde nok forventa meir pirking i nervetrådar enn det blei her. Litt er det altså, men det kjem sjelden i mellom dårlege punchlines og ein unødvendig skrikarunge som alt er med på å gjere filmen meir kommersiell. Som rein actionfilm er det vel ikkje det dummaste. Det fine med påkosta filmar frå denne tida er eit forfriskande fråver av dataanimasjon som me er vant med i dag. Her er det bøtter og spann med slim og sveitte, ingen steril sminkeromsaction eller pixelskapt dataspelmonster
Comments Off