IMDb: 7.5/10 (7,894 votes)
Flipped er eit fint drama som formidlar historia om ei barndomsforelsking på godt vis. Inntrykket opplevingane må ha på jenta og guten blir framstilt som like viktig som ei vaksen forelsking, på ein truverdig måte som gjer at effekten er like god.

Unge menneske er lettare å påverke, dersom du er i rett posisjon. Feil val kan over lengre tid føre til at liv tek uønska retningar. Flipped blir god fordi den gjer alvor av konsekvensane som kunne ha blitt tolka som barnslege. Samtidig får vi stadig inntrykk om at det er eit håp, og at det bak feige ansikt og barnslege handlingar er noko meir.
Jenta og guten, Juli og Bryce, er naboar. Frå dagen Bryce flyttar inn tvers over gata frå Juli, er ho i hælane hans. Gjennom filmen byter vi fram og tilbake i point of view og får hans og hennar syn på episodar som utspelar seg i åra frå 2. til 8. klasse. Hans på Juli som plagsom, hennar på Bryce som redd for å vise at han likar ho.
Modningsprosessen er kjerna i Flipped, ei stadig forming av personlegheiter og tilføring av kunnskapar som er med på å drive filmen framover. I eit tempo som gjer at ein vil ha meir, og på ein måte som gjer at ein set pris på vegen etter kvart som den blir til. Målet i seg sjølv er ikkje det viktige her.
8/10
IMDb: 8.2/10 (70,383 votes)
Det kom som ei overrasking på meg at denne filmen låg sopass høgt oppe på IMDb top 250 som nr 129, for dette mine venner, er ingen god film!
Å gå i mot over 70.000 stykker som har stemt filmen opp til 8.2/10 er ikkje lett å begrunne. Så eg kan starte med det eg likte med filmen. Mandy Patinkin gjer ei framifrå rolle som dyktig fektar, og leverar også filmens einaste gode scene: ei dramatisk fektescene på kanten av eit stup mot den maskerte piraten.
Resten vart for mykje likt ein eventyrfilm for barn for meg, humoren var ikkje dristig nok og historien var ikkje dramatisk nok. Dei som er vakse opp med filmen har nok eit betre forhold til den enn meg, men sidan dette var første gong eg ser den, så kan eg ikkje sei noko fint om filmen som eg ikkje meinar.
5/10
IMDb: 7.9/10 (25,215 votes)
Ein kjedeleg film, som eg er veldig skuffa over. Den fortenar ingen plass på IMDb top 250 tykkjer eg. Noko av musikken var OK, men heile opplegget rundt det å vere ein tulledokumentar vart berre ein stor vits, negativt meint. På grunn av musikken, og eit par gode vitsar, vil eg ikkje drepe filmen.
4/10
IMDb: 8.0/10 (33,635 votes)
Kvifor har denne filmen fått så høg rating? Det er spørsmålet eg har stillt meg sjølv dei to siste dagane. Viss du veit svaret, legg igjen ein kommentar.
6/10
IMDb: 7.7/10 (25,644 votes)
God romantisk komedie, utan at det er noko å felle tårer av her, men heller nokre gode sekvensar til å le godt av. Eg må innrømme at eg aldri har likt Billy Crystal, og ligg litt på kanten i å like han i «Analyze-filmane. Men det var før eg såg denne filmen, som er ein typisk fram og tilbake historie med sin dose klisjear. Det er dialogen som er god, og kjemien mellom Harry og Sally som gjer dette verdt å sjå.
7/10