Cocoon (1985)

IMDb: 6.6/10 (16,251 votes)

I namnet åt kort oppsummering, utanomjordiske vesen er på planeten vår for å hente heim slektningar av seg. Ei gruppe eldre menn, klare for gamleheimen, døden og det som verre er, oppdagar at bassenget brukt som mellombels lagring for kapslane med skapningane, gjer dei spreke som ungdomar.

Cocoon er ein snill film, familievenleg og i det heile ein sci-fi i retning Close Encounters of the Third Kind. På sitt beste byr den på fin, uskyldig humor, då gamle folk på film tydelegvis kan finne på mykje sprøtt. Det som dreiar seg om dei utanomjordiske venene våre leverer derimot ikkje gode nok varer, då dette er ein slapp gjeng som etter byrjinga av filmen aldri byr på særleg spenning.

No kan det hende at eg berre blei skuffa fordi jordkloten aldri blir sprengt i fillebitar, og fordi venskap og forståing er keisamt. Og sidan eg aldri forventa at det skulle skje, så er eg vel passe nøgd med kva Cocoon har å by på. Karakterane er likande personar og handlinga trår aldri i dei djupaste, sentimentale gropene, så den flotte atmosfæren blir mogleg å svelgje.

6/10

The Da Vinci Code (2006)

IMDb: 6.5/10 (45,468 votes)

The Da Vinci CodeDet skal visstnok vere greitt å sjå filmen, for deretter å lese boka. Men å lese boka, og deretter sjå filmen er av dei som har peiling nok ikkje anbefalt, eller dei som har lese boka og sett filmen etterpå. Eg er ein av dei i den siste gruppa. Det begynnar å bli ei stund sidan eg las boka rett nok, men mykje av den stod framleis sterkt nok til at denne filmen ikkje funka så godt som eg skulle ønske meg. Og kjensla av å lese boka hugsar eg som det var i går, for den var av den typen ein ikkje har lyst å legge frå seg.

Filmen er på mange måtar god, og at den har ei historie som krev at ein følger med kan jo ikkje vere anna enn eit pluss. Det var vel aldri tvil om at ein adapsjon av boka kunne ha blitt hjernedød action heller. Men eg saknar det grepet som held fast på ein, og med sine 2 timar og 47 minutt blir dette altfor langt, uansett kor mange detaljar Ron Howard har prøvd å putte inn i filmen.

At Tom Hanks og Audrey Tautou verkar malplasserte her er nok ikkje fullt deiras eigen feil, men heller Akiva Goldsman, som står bak manusskriptet. Mykje av det som blir sagt er enten altfor opplagt til å bli tatt med eller altfor intelligent til å bli forstått så raskt. At Tom Hanks er ein mann som går på prøvetid hjå meg hjelper ikkje, han har absolutt spelt i gode filmar, men også opptrådd i oversentimentale features som eg diverre har sett, og det slit på bilde.

Dommen er i grunn klar frå mi side, eg har lese boka, og det faktum gnagde på tålmodigheita mi for denne filmen. Her er det mykje som kunne blitt gjort annleis eller fjerna, nokon historiske bilder med kaldt blått lys med sin uskarpe dataanimasjon ser eg for eksempel ikkje meir i enn å gi distanse til filmen. Filmen klarar ikkje å involvere meg på eit personleg nivå, og eg føler aldri sympati med hovudrollane eller spenninga dei visstnok opplever. Men det veg opp at filmen elles er eit godt stykke arbeid, reint teknisk, og at det vesle av humor som finst her er morosam, at den fekk meg til å mimre tilbake til dei gode stundene eg hadde med boka og at Ian McKellan dukkar opp som Sir Leigh Teabing.

5/10