Freddy vs. Jason (2003)

IMDb: 5.9/10 (25,098 votes)

Freddy vs JasonEit unødvendig åttande etterslep i rekka av «A Nightmare on Elm Street»-filmar, der Freddy får hjelp og motstand frå «Friday the 13th»-karakteren Jason. «Freddy vs. Jason» er intet meir enn ein rett fram slasherfilm utan djupare motivasjon innan karakterutvikling eller historie enn å få handlinga til å gå framover.

Reine slasherfilmar er ikkje mi greie, eg foretrekk horror framfor gore, «Freddy vs. Jason» er ikkje i nærheiten av å vere skummel og klarar berre få meg til å hoppe i stolen litt, noko ein komedie lett kan få til viss ein person brått hoppar on-screen. Regissør Ronny Yu har eg blanda forhold til, «Fearless» med Jet Li var storarta, men her har han bidratt til lite meir enn å få filmen til å sjå bra ut, det tekniske som lyd og bilde held høg standard, greie skodespelarar har blitt bra nok utnytta, men historien heng ikkje på greip.

Det største problemet eg har med denne er oppbygginga, her er det rett på sak frå starten av, noko som fører til at ein blir fort lei og spesielt kampane mellom Freddy og Jason er meiningslause når ein veit 5 sekundar ut i kvar av dei at det aldri vil føre til anna enn tapping av lommeboka til produsentane.

Så korleis forsvare femmaren? Freddy er verkeleg ond, Jason har eg ingen forhold til frå tidlegare filmar («Friday the 13th» er eit framtidsprosjekt) og framstår ikkje som anna enn ein bevegande bautastein, her er nokre skodespelarar eg ikkje nødvendigvis synst er dei beste, men likevel har eit forhold til gjennom tv og anna film og synst er artig nok å følge med, filmen lid aldri under av å sjå billeg ut heller. Slikt på plussida, og det andre på minussida, «Freddy vs. Jason» er eigentleg heilt midt på treet.

5/10

Huo Yuan Jia (2006)

IMDb: 7.5/10 (1,193 votes)

FearlessJet Li har tatt steget ned frå den kunstneriske scena frå «Ying xiong» og flytta seg frå den amerikanske type slåssfilm som «Danny the Dog» tilbake til den type film som eg først var kjent med han gjennom, filmane hans frå tidleg 1990-talet.

«Huo Yuan Jia», også kjent som «Fearless», er ein fin balansert film med fokus på god slossing og godt drama. Filmen er ikkje lengre enn 1t 40min, men klarar likevel å servere ei godt fortalt livshistorie, sett i mine auger. Dette kan sjåast i at det ikkje blir spedd på med overdådige naturbilete, likevel om det nok er meir av det her enn det eg hugsar i frå «Once Upon a Time in China» trilogien.

Av slosscener unngår regissør Ronny Yu flygande dragar, men gir oss heller god film-wushu. Kanskje ikkje heilt naturleg det heller, men heller wires enn CGI. Sidan eg elles likar denne type film, og her får det både godt produsert og utan dubbing, så må det blir dobbelt tommel opp.

7/10