18 episodar.
Det var det, «Roswell». Ei rar kjensle av å legge siste DVD ned igjen i pakningen. Den siste sesongen var nok ein liten skuffelse, men framleis underhalding verdt pengane, med tanke på at eg brukte rundt 150 kr på sesongboksen.
Eg er litt skuffa over siste episode, serien hadde fortent ei betre avslutning, og ikkje ein episode som stod i stil med den fallande kvalitet på episodane i sesong 3 generelt. Etter 3 sesongar, ein veldig god, ein nesten veldig god og ein grei, så fortenar «Roswell» ein slutt med fleire svar, og ein lykkeleg slutt på anna vis enn dette.
Eg likar/likte (alt etter som) denne serien veldig godt, kanskje ikkje den beste eg har sett, men likevel. Siste episode gav meg ei rar kjensle eg ikkje satte heilt pris på, og det er litt surt å tenke på at serien faktisk blei avslutta for 3 år sidan, og at det er null sjanse å få sjå meir. Skal eg vite kva som skjer vidare, må eg eventuelt lese bøkene som kom etter serien, men eg har høyrt dei ikkje er anna enn heilt greie dei og.
21 episodar.
Eg skal sei det som det er, og viss du ikkje vil vite noko, må du ikkje lese vidare. Romskipet er reist mot heimplaneten og Max, Michael og Isabel reiste ikkje med det. Ingen overrasking, med tanke på at sesong 3 står i hylla og ventar på meg. Tess derimot, reiste, noko som er like greitt, eg likte aldri karakteren særleg.
Det ser ut som Max og Liz blir i lag igjen. Det skjedde litt fort, men la gÃ¥. Mine tankar gÃ¥r meir til kva som vil skje med Kyle og Isabel. Kva vil skje i løpet av neste sesong? Vil Max leite etter sonen sin, sÃ¥ dei kan etablere kontakt med heimplaneten pÃ¥ noko vis? Og nokon pÃ¥ jorda mÃ¥ ha sett romskipet nÃ¥r det reiste. Med dette er me pÃ¥ ein mÃ¥te tilbake til menneskets jakt pÃ¥ romvesen igjen, som i første sesong med Pierce. Det er min ide om kvifor serien aldri fekk meir enn tre sesongar: «The show’s on repeat, the show’s on repeat.» Men hei, eg har ikkje starta med neste sesong endÃ¥, sÃ¥ eg veit jo ingenting. SÃ¥ lenge det ikkje er identiske episodar med det eg har sett, sÃ¥ vil eg nok like det.
22 episodar.
I byrjinga såg eg ikkje meir enn eit par episodar for dagen, men etter kvart klarte eg ikkje stoppe, og eg måtte berre sjå alt eg hadde tid til. Førsteinntrykket mitt var som det gjerne er med TV-seriar, at skodespelarane ikkje var meir enn heilt greie, men dette hadde ingenting å sei etterkvart. Nokon er sjølvsagt flinkare enn resten, men det er noko med at ein blir van med ein person i ei viss rolle.
Alle episodane var interessante, spesielt den siste fekk meg til å sitje på høgkant. Eg veit ikkje om eg har sett nokon av episoden i dei to neste sesongane før, men eg hugsar vagt noko herifrå.