Flushed Away (2006)

IMDb: 6.9/10 (2,097 votes)

Flushed AwayNyaste innspelet frå Aardman Animations («Chicken Run», «Wallace & Gromit in The Curse of the Were-Rabbit») er ein fullverdig animert film, altså ikkje den tradisjonelle modelleire-varianten selskapet vanlegvis held seg til. Årsaka ligg ikkje i modernisering, det ville simpelt hen bli umogleg å modellere vatn til desse grader, eller bruke vanleg vatn (som er skadeleg for modelleire). Stilen er likevel behalde, og detaljane er så gode at enkelte sneglar ser meir modelleire-aktige ut enn deler av «Wallace & Gromit» filmen gjorde!

Animasjonsfilm eller leire, dette er ein rimeleg straight forward adventure film. Helten (Roddy) blir ufrivilleg kloakkifisert (trekkt ned i doen), møter ei jente, støyter pÃ¥ ein ond og mektig skurk, mÃ¥ redde rottehovudstaden frÃ¥ total undergong… og lengtar sjølvsagt alltids heim. Gjennomført med silkehanskar og eit auge for detalj, masse referansar og god britisk humor overraska filmen positivt etter filmtraileren tidlegare skuffa. Som vanleg har blitt i animasjonsfilmar har ogsÃ¥ «Flushed Away» sine «søte» og tøffe smÃ¥ sidekicks («Madagascar» hadde pingvinane, «Ice Age» hadde ekornet, i form av rÃ¥stilige sneglar som bl.a. framfører filmen sine beste songnummer!

Årets beste animasjonsfilm blir eit vanskeleg val. «Cars» eller «Flushed Away».

7/10