IMDb: 7.3/10 from 1,338 users
Den siste filmen frå DC Universe Original Animated Movies i 2011 er Batman: Year One. Det er historia om hendingane som involverer Bruce Wayne, James Gordon og Selina Kyle første året etter Bruce Wayne er komme tilbake til Gotham.

James Gordon kjem til Gotham samstundes med Bruce Wayne, og han er karakteren vi følgjer mest av dei tre sentrale som vi er innom. Politiet i Gotham er prega av korrupsjon og Gordon møter både motvillige kollegaer og fysiske barrierar. At Batman dukkar opp gjer ikkje jobben hans lettare.
Bruce Wayne kjem tilbake frå 18 år ein annan stad. Han er utålmodig og vil byrje kampen mot kriminaliteten så fort som råd. I ei parallell historie til Gordon si fortel Batman: Year One om korleis Wayne blei til Batman. Likskapane til Batman Begins er her. Batman: Year One er ein adapsjon av teikneserien med same namn, ein teikneserien som Batman Begins henta inspirasjon.
Catwoman, dekket til Selina Kyle, får minst plass i filmen. I heile teke er ho så lite med at ho kanskje kunne ha vore fråverande, men ho syner at Gotham er meir enn berre Batman.
Batman: Year One kan godt vere den beste filmen i rekkja til DC Universe Original Animated Movies fram til i dag, han er iallfall nær. Det er plass til minst to gode historiar om opphav, interne og eksterne konfliktar på mange plan, og ein del intens skyting. Alt utan dødtid.
Filmen er god, sjølv om eg har sett deler av historia i form av Batman Begins tidelgare. I løpet av 65 minuttar gjer den alt som trengs for å vere engasjerande og underhaldande. Om Batman: Year One fortel historia like godt som teikneserien den baserer seg på, det får vere opp til andre å dømme.
8/10
IMDb: 6.8/10 from 1,865 users
All-Star Superman er det beste som har skjedd DC Universe Original Animated Movies sidan.. vel, i fjor. Grant Morrison har forfatta og Frank Quitely har teikna den supre teikneserien, som er del av All-Star imprint, historiar som ikkje tilføyer seg kontinuiteten til DC-universet. Resultatet er ei tilgjengeleg historie som heller ikkje er ei origins-historie. Og no er den blitt film.

I dei tidlegare teiknefilmane som har blitt gitt ut under banneret DC Universet Original Animated Movies har handlinga vore fullspekka med større og mindre trådar, noko som har resultert i høgt tempo og mykje spenning. All-Star Superman er ingen unntak. Den raude tråden gjennom filmen er den forfallande helsa til Supermann som følgje av høg eksponering for solenergi. Sjølv med mange avstikkarar undervegs, som introdusering av fleire monster og besøk frå Krypton, lykkast historieforteljinga å inkludere alt utan å miste fokus.
Men det er Lex Luthor som er den store skurken, og filmen er spesielt god på dialogane mellom han og Clark Kent/Supermann. Vi får eit innblikk i motivasjonen til Lex, og det gjer seg godt i ein teiknefilm med monster og slossing. Når intellekt blir like farleg som rå kraft får trusselen ein heilt anna dimensjon.
All-Star Superman er god film å sjå om du vil ha ei Supermann-historie, men ikkje vil bry deg med å setje deg for mykje inn i universet. Eller du kan lese teikneserien, den er også god.
7/10
IMDb: 7.0/10 (983 votes)
I fire år no, har Warner Bros. og DC Comics levert animasjonsfilmar i serien DC Universe Original Animated Movies. Eg har sett dei tidlegare filmane, som det er seks av, og desse kan du lese meir om på stikkordsida for DC Universe Original Animated Movies.
Justice League: Crisis on Two Earths er den andre filmen i serien som handlar om Justice League. Laust basert på teikneserien av JLA: Earth 2 av Grant Morrison, går handlinga føre seg etter eit møte mellom superkrefter i to parallelle univers.
Då filmen i større grad består av kampar mellom to eller fleire superkrefter, blir ei oppsummering av handlinga ei urettferdig avsløring, ovanfor dei som skulle ønske å sjå filmen. Så lat meg dreie dette over mot animasjonen og filmen i heilskap, om den er tilfredsstillande i forhold til forventingane av ein animasjonsfilm som er komen rett på video.
Som med dei andre filmane i serien er denne kort, og tempoet er høgt heile vegen. Kampane er mange, og ikkje så dramatiske, men på tvers av desse er det eit driv i handlinga. Sjølv om det ikkje nødvendigvis er hovudtrekka i historia som gjer dette til ein grei film, er kombinasjonen av ein klassisk kamp mot det vonde ikkje å fornekte, når detaljane i oppbygginga av historia er på plass. Slik er Justice League: The Crisis on Two Earths, og slik har dei fleste andre filmane i serien vore, tilsynelatande enkle historier, gjort med omhug med tanke på karakterar og ein logikk i fiksjonsuniverset, der handling går føre seg.
Konklusjonen får bli den at dette er ein grei animasjonsfilm, som faktisk klarar å oppnå det og vere ein film, framfor å verke som ein lang episode frå TV. Den svarar til forventingane eg hadde kring prosjektet, men var då heller ikkje den filmen eg venta mest på i DC Universe Original Animated Movies, og heller ikkje den beste så langt.
6/10
IMDb: 7.2/10 (896 votes)
Den tredje og siste DCUOAM-filmen for i år er ei blanding av mange superheltar og skurkar. Lex Luthor har blitt president og svertekampanjen mot uorganiserte superheltar som Superman og Batman, spesielt førstnemnte, kjenner ingen grenser. Egoet til Luthor styrer retninga til filmen, som også handlar om ein meteorittrussel. Animasjonsfilmen er ganske rett fram, har mykje action, men manglar det heilt store. Litt for ofte blir eg sittande å spørje meg sjølv kvifor Superman ikkje brukar varmeblikket og farten sin. Superman er ein vanskeleg karakter å lage spenning med, «S/B: Public Enemies» får kjenne dette, og blir aldri topp.
6/10