One Crazy Summer (1986)

IMDb: 6.0/10 (4,853 votes)

«One Crazy Summer» er one crazy drittfilm. Ramma er grei nok, men det står på karakterane i å gjere dette til ein god film, og omtrent ingen av dei er interessante. Du har Jeremy Piven i ei lita birolle som bidreg til at smilebåndet ikkje visnar heilt bort, men så har du Bobcat Goldthwait i ein av filmhistoriens mest irriterande rollar, synd å sei. Kjærleikshistorien er enkel, Cusack må velge mellom den hotte og den søte med personlegheit, og vel sjølvsagt «feil» først. Samtidig må han finne ut kva han skal gjere etter sommaren, ettersom basketballstipendet ikkje blei noko av.

3/10