Robot Chicken sesong 2
20 episodar.
Etter introduksjonen eg skreiv i forbindelsen med avrundinga av den første sesongen, treng ikkje «Robot Chicken» djupare forklaring her. Det er fortsatt snakk om stop-motion frå Adult Swim.
Eg vil ikkje påstå at serien har mista den grenselause humoren, men det blir ikkje servert noko nytt her. For mange, inkludert meg, fungerar det greitt at den gode, gamle oppskrifta er behalde.
Berre eit par plassar blir det i overkant av reprisefeel, der poenget bak vitsane er oppførselen til tidlegare portretterte i ny setting. Dette er jo svært fornøyeleg når det gjeld Mr. T som er evig morosam, mens med andre blir det oppgulp.
Ein liten konklusjon blir så at dette fortsatt er knall tidsfordriv, som passar inn når som helst. I samanheng er det lite nytt, mykje på grunn av at serien ikkje har noko historie å bygge på. Dette trengs ikkje alltid; som ein bekjent av meg påpeika, «South Park» er inne i 11. sesong, som visstnok skal vere ein av dei betre laga.

20 episodar.
(0 hittil)