Filmdagbok
ness
28-sept-2007

Family Guy sesong 1

7 episodar.

Family Guy sesong 1«Family Guy» er ingenting å rope hurra eller hoppe i taket for. Klart, det er ingen problem å sjå ein episode no og då, men det er ingenting å kunne bli hekta på.

Ofte blir serien prøvd samanlikna med «The Simpsons». Personleg synst eg «Family Guy» ligg like nærmt King of the Hill når det kjem til animert familie på tv. Den formidlar stadig vekk verdiar på ein humoristisk måte. Sjølv om serien latar som den forkastar desse syna ved å snu om på helen i siste sekund av og til er det lett å gjennomskue. Så sjølv om eg ikkje vil finne på å samanlikne med «The Simpsons», kan eg utan problem sei at sistnemnte er ein betre serie som klarar å vere useriøs på ein useriøs måte.