Date Night (2010)

IMDb: 6.7/10 (14,170 votes)

Eg var først meint å introdusere Steve Carell, påpeike at han utover nokre få gode filmar, har vore med i mykje dårleg. Dette skulle gå over til å gjelde Date Night, og til samanliknast med innsatsen Carell og Tina Fey gjer i filmen. Men etter å ha gått gjennom filmografien til Carell, innsåg eg at han har spela i nok gode og middels gode til at det var urettferdig å vinkle karrieren hans som beståande av halvparten gode og halvparten eller fleire dårlege filmar. (Les vidare under bildet).

Poenget mitt med dette var som følgjer, å påpeike at Date Night ikkje gjorde spesielt godt inntrykk. Med unnatak av eit par småhysteriske scener og flotte realiseringar om giftarmålet Carell og Fey portretterer i filmen, var dette ein film der vegen til pauseknappen var kort. Difor gjer det meg heller ingenting, når eg no skriv om filmen, å oppsummere deler av handlinga i detalj for å få fram dette.

For å tilføre nye inntrykk i eit ekteskap som er grodd fast i ein slitsam kvardag, tek Carell med Fey på restaurant i Manhattan. Der utgjer dei seg for å vere eit anna par for å ta ein reservasjon på ein travel restaurant. Ved bordet, sjølv om det betyr ulykke, skålar dei med tomme vinglas. Dette får følgjer. Dei blir jaga gjennom byen av kriminelle og rotar seg borti mafia og bestukne politimenn.

For å få plass til alt som skal skje undervegs, er det halde tilbake på intellektuelle dialogar, noko som helst slags form for dveling ved seriøse poeng og eventuelt andre ting som kunne ha tilført djupn til komedien. Eg forventa ikkje dette i utgangspunktet, men det betyr ikkje at filmen er god utan.

4/10

Night at the Museum (2006)

IMDb: 6.4/10 (10,894 votes)

Night at the MuseumShawn Levy gir oss kveldsunderholdning med Ben Stiller i «Night at the Museum». Frat pack komikaren får seg jobb som nattevakt på eit historisk museum der gjenstandane kjem til live på nattestid.

Det er ikkje så mykje å sei om «Night at the Museum», det er ein slapp og ganske så rett fram film som verken gir skikkeleg spenning eller nye vendingar. Men så virka den og å vere mest retta mot dei under 15 år.

Blant dei få sidene ved filmen som trekk den opp på eit anstendig mellomnivå finn me Owen Wilson. Han gjer ei lita rolle, bokstavleg talt, og er cirka så tøff som han pleier. Misklar du Wilson er det ikkje mykje meir å hente her.

Når eg starta å skrive her tenkte eg at dette var ein heilt grei film, som eg kunne tenke meg å plassere i ein midtposisjon på skalaen. No har eg derimot fått tenkt meg om, prøvd å hente fram det som kunne trekke fram filmen, og berre funne ein ting.

4/10

Just Married (2003)

IMDb: 5.0/10 (6,690 votes)

Just MarriedLangt frå det beste skodespelet med Ashton Kutcher eg har sett. Brittany Murphy er søt og sjarmerande som ofte, men ikkje meir. Historien går til nøds, men den er ikkje spesielt ny på utførelse.

4/10

Cheaper by the Dozen (2003)

IMDb: 5.7/10 (1,636 votes)

Cheaper by the DozenDette er heilt grei tidsfordøying, men elles er det ikkje noko nytt eller spesielt med denne filmen. Den er kanskje litt morosam på ein veldig enkel og dum måte.

Eg likar heller ikkje Steve Martin noko særleg, og har pleid å halde meg unna filmane hans. Det er også rart å sjå Tom Welling i andre rollar enn Clark Kent i tv-serien Smallville.

For å sei det rett ut så bør han nok holde seg der, eller spele i filmar i ein anna sjanger. Han passa ikkje inn i denne filmen.

5/10