Turen innom Kosmorama, Trondheim internasjonale filmfestival, blei kort i år. To filmar blei sett, men det var to gode filmar!
Favoritten min blant «Air Doll» og «Desert Flower», blir sistnemnte. Ei filmatisk skildring av livet til supermodellen Waris Dirie, frå oppvekst til gjennombrot. Med Liya Kebede i hovudrolla, har regissør Sherry Horman bygd opp filmen der notida er situert rundt gjennombrotet i London, medan tilbakeblikk fortel den lange vegen dit.
«Desert Flower» er ikkje ein typisk lykkeleg film, og innslag frå den glamorøse verda til modellane er heller få og lettar stemninga, enn å prege historia i filmen. Temaet som blir behandla er det om kvinnemishandling, omskjering og Waris Dirie si rolle som den mishandla, og seinare ei av dei som blei den sterke stemma som gjorde verda merksam på situasjonen i Somalia.
Det kan høyrast ut som dette er ein tung film, med så tung tematikk å ta tak i. Men med stødig hand, har Sherry Horman lagt inn stadige komiske avbrekk, av den nedtona typen som aldri risikerer å trekkje ned seriøsiteten til resten av filmen. Resultatet har blitt ein film som går under huda på deg, får deg til å tenkje, men ikkje etterlate deg i ei sky av håpløyse.
Som pluss er «Desert Flower» pakka inn i ein god lydmiks og har flotte bilde, den forsvarar lengda på 2 timar og kjem, trass i tekniske problem under visinga, ut av det heile som ein sterk film. Takk, Kosmorama.
