Before the Devil Knows You’re Dead (2007)
User Rating: 7.8/10 (4,441 votes)
Sidney Lumet er tilbake med nok ein film, femti år etter sin første (det kan jo nemnast at han allereie då hadde tent nokre år i tv-tenesta), og det er kjekt å sjå at det er ein god film denne gongen.
Etter ein litt sjokkerande start, ikkje på grunn av at sexy Marisa Tomei og mindre sexy Philip Seymour Hoffman opnar midt i den heftigaste sexakta, denslags er jo blitt vanleg nok i spelefilmar, men fordi Lumet torer å gjere så mykje ut av denne scena i minuttane som etterkvart har blitt veldig dyrebare for å etablere mest mogleg av filmens vidare framdrift, får me vite at dette skal handle om eit ran. To brødre, spelt av Hoffman og Ethan Hawke, går saman om å planlegge ranet på ein forstads gullsmedbutikk, begge treng pengar og “the mom and pop operation” blir ein enkel utveg for problema. Så går sjølvsagt ting på skeive.
Når ting går feil i ransfilmar går dei som regel ganske feil, før dei ev. sluttar på Hollywoodvis og alle er glade. «Before the Devil…» er ingen glamorøs heistfilm, men set heller ikkje utover stupet med ein gong, for rett som det er hoppar me tilbake i tid, «Memento»-style. Tre personar ber bitane av trådar som stadig kryssast i tida rundt ranet, brødrene og faren (Albert Finney) kan ha ein samtale ved eit tidspunkt som dukkar opp igjen når me følger ein av dei andre karakterane. Repetisjon på film kan vere kjedeleg, om det ikkje er utført på denne måten, der ny informasjon kjem på bana heile tiden og set gitte sekvensar i nytt lys. At «Before the Devil…» brukar tida til å tilføre meir meining heile vegen er vel ingen overraskelse for dei som har sett gode Lumetfilmar før, tidshoppinga gjer det litt meir utfordrande å følge med på, bidreg til enkelte aha-opplevelsar og fungerar rett og slett betre enn den kronologiske oppbyggingane ville ha gjort.
Om eg skal sette fingeren på ein ting er det at nokon av dei personlege forholda virka unødvendige og bidreg til å dra filmen ørlite ut i tid.
Til slutt vil eg skryte litt over nydeleg foto, spesielt utescenene er flotte med sitt kontrastprega og delvis overeksponerte bilde, musikken er tidlaus og kunne like godt ha blitt brukt i ein 1970-talsfilm, den er tydeleg og pregar stemninga som om den var ein eigen rollefigur. I blant slik at ein sit med breidt glis for opplagt bruk, det blir heller aldri cheesy eller harry av den grunn.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

«Serpico» og «Dog Day Afternoon» har mykje til felles. Begge filmane har Sidney Lumet som regissør, begge har Al Pacino i hovudrolla, begge er basert på sanne historiar og begge fekk Pacino nominert for Oscar for beste hovudrolle. Når det kjem til handlinga er derimot filmane natt og dag. «Serpico» som kom i 1973 handlar om ein politimann med gode intensjonar, store ambisjonar, men som er på feil plass til feil tid. Frank Serpico er eit kultivert menneske med eit godt hjerte for lova og tek i motstening til andre politimenn i distrikta han jobbar for til ulike tider ikkje i mot bestikkelsar. Dette skapar ein god del negativitet rundt han og gjer at han i større grad enn ønska blir splitta frå kollegaene sine, filmen startar med at Serpico er på veg til sjukehus med alvorlege skotskadar og set fart i dramatikken frå første minutt. Som i «Dog Day Afternoon» støttar filmen seg godt til Al Pacinos fantastiske rolleprestasjon, han er som skapt for filmen, men dette er ikkje åleine om å gjere «Serpico» god. Lumet har satt saman bitar som godt manus og god historie for å skape ein god film. Den er på omkring to timar og held koken heile vegen med ei jamn utvikling som gir inntrykk av både tid og aukande frustrasjon som går utover sjåaren, på ein god måte.
«Dog Day Afternoon», 1975, set Pacino i rolla som Sonny, ein person som i likheit med Serpico glødar av ei sterk personlegheit, men der Serpico er politimann er Sonny ein væpna forbrytar. Under eit bankran blir han og kompanjongen Sal (John Cazale) omringa og innesperra i banken med ei handfull gislar. Sonny, smart som han er, får overtaket på situasjonen som over tid utviklar seg til å bli ei mediedekka begivenheit. I to timar som går så det susar følger me utviklinga av gisselhaldinga over 12 timar ved å bli godt kjent med Sonny som ein filantropisk forbrytar, hans forhandling/leik med politiet og dei grunnane som ligg bak heile handlinga. Mykje god dialog og ei trang til å få vite kva som skjer er med på å drive dette framover.
12 jurymedlemmar held skjebna til ein ung gut i hendene. Kva vil dei gjere?
(0 hittil)