Filmdagbok
ness
12-apr-2008

Six Feet Under sesong 5

12 episodar.

Serien som starta med at Nathaniel Fisher Jr. kom tilbake frå Seattle til Los Angeles i forbindelse med faren sin død og etter kvart enda opp i families begravelsesbyrå der broren allereie jobba, fekk også ein skikkeleg slutt i sin femte sesong.

19. august 2005 blei den sekstitredje episoden av «Six Feet Under» vist for 3.9 millionar HBO-sjåarar, 1.4 millionar meir enn snittet tidlegare i den avsluttande sesongen. Det vil vere dårleg gjort av meg å fortelje kva som skjer mot slutten av «Six Feet Under», så eg skal unngå dette, la meg likevel fortelje at begynnelsen på slutten startar for fullt i fjerde siste episode, og at det er ein skikkeleg slutt me får. At skaparane hadde planlagt og faktisk gitt seg, i motsetning til kva som skjedde med «The Sopranos» som stadig blei fornya, med «Six Feet Under» etter sekstitre episodar var noko eg var bevisst på mens eg såg på serien og faktisk ein av grunnane til at eg tok meg tid til å følge serien i fjor rundt desse tider. Eg er ikkje skuffa over utfallet heller.

Eg fulgte aldri «Six Feet Under» fast på tv, for nokre år sidan såg eg litt av eit par episodar når NRK sendte serien etter 23-nyheitene på fredagskvelden, men plukka mest opp at det handla om eit begravelsesbyrå og homofili, noko som vart for sær ein kombinasjon den gongen. Dette siste året har eg fått sett det som eg no vil beskrive som eit av dei betre tv-drama eg har sett. Hekta var eg mest gjennom dei to første sesongane, seinare har eg tatt meg god tid før eg raste gjennom siste sesong no nyleg.

Fjerde sesong gjekk vidare med liva til dei involverte som vanleg og eg merka at serien på ein måte hadde gått seg til og roa ned litt, nok av problem og slikt oppstår, men det brygga seg sakte, men sikkert opp mot ein slutt og tanken på dette la ein liten dempar på resten. No er det med episodane under lupa eg ser på det slik, eg har eigentleg ingenting å utsette på serien. Spesielt etter den forlenga siste episoden tenker eg dette, denne var tung og trist som eg aldri har opplevd på tv før og er verdig for serien som heile vegen har vore god på tragediar. Med fare for å framstille meg sjølv som eit forstyrra individ blei eg liggande vaken lenge og tenke over spesielt den siste montasjen i serien.

Ingen tvil om at «Six Feet Under» er god altså. Alle sesongane er vel verdt å få med seg, sjølv om eg har hinta til synkande interesse, noko som eigentleg ikkje stemmer, når ein følger ein serie har ein for vane å enten hylle det som ligg friskast i minne eller vere nostalgikar utan like. I «Six Feet Under» skjer det så mykje over eit lengre tidsrom at det er vanskeleg å styre seg i å fundere på denne måten. Eg er mest redd eg igjen har rabla uinteressant nonsens om eit høgkvalitetsprodukt som er for omfattande for meg å skrive fornuftig om fordi eg etter kvart nye avsnitt tenker på ti nye ting eg burde nemne, men kuttar ut på grunn av lengda.

 
ness
22-mar-2008

Six Feet Under sesong 4

12 episodar.

Six Feet Under season 4Familien Fisher styrer stadig på med dei mest interessante problemstillingane då «Six Feet Under» også denne sesongen er fullpakka med god dramatikk. At dei alle møter veggen gong på gong med hendingar som er bretta ut over fleire episodar og difor får sjansen til å bli forskjellig satt saman, ergo framstå som reelle problem i forhold til kvarandre, tross at det jo skjer nesten urealistisk mykje negativt ovanfor denne vesle gruppa menneske, er blant det som gjer at eg set pris på serien. «Six Feet Under» står fram som ein tålmodig serie der alt har sitt eige tempo utan at det blir kjedeleg av den grunn, mange nok historiar gir rom for godt driv og ofte held det å sjå ein episode om gongen for å tilfredsstille underholdningslysta, og heller la ting synke. Elles er ikkje skaparane av «Six Feet Under» redd for å hoppe i tid, enten for å skape forvirring, bevisst gi oss kjensle av å ha gått glipp av noko eller der det er naturleg i livet til alle rollefigurane.

SFU1Hittil har serien innfridd. Som sjåar set eg større krav til seinare sesongar av seriar med utprega drama, ørlite av magien frå starten av er borte, det har med å gjere at serien ikkje lenger er ny for meg og er ikkje noko eg trekk ned for heller, eg veit at «Six Feet Under» har ei planlagt avslutning og det er med på å styre bilde mitt av serien. For når alt kjem til alt sit eg igjen med inntrykket av at det skjer ei stadig utvikling, dei involverte har hatt ei gradvis karakterendring over sesongane, ikkje merkbar i nuet, men nok til at ein sit igjen med kjensla av å ha opplevd ein meiningsfull serie når ein samanliknar situasjonen undervegs med serien i første sesong.

SFU2For å toppe det heile av på eit personleg nivå, «Six Feet Under» bidreg til sjølvrefleksjon på både godt og vondt, gir med sine smått (nødvendige) polariserte problem innsikt i reelle og sære livssituasjonar som mest sannsynleg, eller kanskje meir håpefullt, aldri vil skje oss, men som eg likevel finn interessante og/eller opplysande. Så får det vere opp til kvar enkelt å hente anna ut av serien, for vedkommande har den iallfall det som skal til for å bli god tv, endå etter fire sesongar.

 
ness
06-sept-2007

Six Feet Under sesong 3

13 episodar.

Six Feet Under«Six Feet Under» klarar stadig å gripe tak i meg og klistre augene mine til skjermen. Serien overraskar på elegant vis og viser sterk dømmekraft i plottwist og mot på å utvikle småhistoriar som den vil, gjerne ved at folk føretek uetiske val som får ein til å klø seg forundra i hovudet, men likevel forstå det.

Styrken ligg i engasjementet den skapar med ekte rollefigurar. Ekte folk som ikkje let seg bli forstått i løpet av ein sesong eller to, som utviklar seg og brått kan finne på noko uventa utan vidare forklaring. «Six Feet Under» har litt av «The Sopranos» sin måte å slutte plots på, berre ikkje i så stor grad.

Ein av dei beste tinga er at ingen episodar føles som ein repetisjon. Liva til familien Fisher m.fl. går framover, om enn sakte, så på ein god og trygg måte. I blant er eg nødt til å sjå neste episode!

 
ness
26-mai-2007

Six Feet Under sesong 2

13 episodar.

Six Feet Under sesong 2Etter fleire episodar med «Six Feet Under» har serien fått rotfesta seg meir og dramaet når nye høgdar. Så sant det var tid gjorde eg rom for å sjå, noko som har ført til faretruande stor mengde på kort tid.

«Six Feet Under» har ikkje eit handlingsforløp som gjer at eg må sjå vidare for å få vite kva som skjer, men fleire andre kvalitetar som gjer at eg får veldig lyst til å følge med. Utruskap, små løgner, intrigane er menneskelege, og gjennomført på ein slik måte.

HBO bryr seg ikkje alltid om halde kritikk tilbake, og frontar mange ulike saker og synspunkt her. Serien blir tankevekkande og i blant provoserande. Slike verdiar er det kjekt å finne. Men eg vil heller ikkje vektlegge dette for mykje, for det bunnar mest ut i dramaet for min del.

Den andre sesongen står seg ikkje ut på nokon spesiell måte, men er ein naturleg oppfølgar til den første sesongen. I det legg eg som eg nemnte innleiingsvis at serien har fått meir å bygge seg opp på. Flyten er god, for HBO er som kjent ein reklamefri kanal og slepp å kave etter umiddelbar interesse frå folk.

 
ness
07-mai-2007

Six Feet Under sesong 1

13 episodar.

Six Feet Under sesong 1Nokre seriar treng tid på å bygge seg opp, bli interessant og få noko ut av intrigane i dramaet. Andre seriar klarar å fenge umiddelbart. «Six Feet Under» ein av den umiddelbare typen.

Dei fleste har nok høyrt om denne serien, ein av HBO sine store suksessar etter årtusenskifte ved sidan av «The Sopranos». Serien dreiar seg om ein familie som driv begravelsesbyrå, og tida deira etter farens bortgang. Eine sonen er homofil, den andre taklar ikkje lik, dottera prøver å skape seg ein identitet på forstyrra ungdomsvis og mora er kontrollfrik.

Det er ikkje karakterane åleine som definerar serien, men situasjonane dei møter og måten alt blir utført på. Atmosfæren til eit begravelsesbyrå er eit godt utgongspunkt for å skape triste tema, men også å danne mørk humor.

For mitt vedkommande var det interessant å gå tilbake i tida og sjå kva Michael C. Hall («Dexter») og Peter Krause («The Lost Room») har gjort tidlegare. Spesielt førstnemnte kan verkeleg gjere meir enn å spele berre ei rolle. Eg skal heller ikkje undervurdere resten av rollebesetninga, «Six Feet Under» er gjennomført som så mange andre HBO seriar.

Rykta skal ha det til at serien har ei skikkeleg avslutning i femte sesong, uansett er den interessant nok på alle andre måtar til at eg vil fordjupe meg vidare i den.