Innlegg merka med ‘Sonitus’

Miss March (2009)

IMDb: 4.9/10 (5,521 votes)
Etter å ha tråla gjennom forslaga Itunes gir meg når eg besøker sidene til filmar eg likar i Itunes Store, sler det meg at grensa mellom kva filmar eg likar og kva som er søppel er tynn. Det er då først og fremst snakk om komediesjangeren og den amerikanske butikken — som [...]

Seksmisja (1984)

IMDb: 8.0/10 (3,008 votes)
Polen, 1984. Det er lov å stille seg litt skeptisk, nordmenn flest verka å ha ei innebygd tvil til landet, som berre blir forsterka dess lengre tilbake i tid ein dreg. «Seksmisja» er ein polsk science-fictionkomedie som i løpet av åra skal ha bygd seg opp ein dedisert kultfilmbase, noko som det [...]

Dead Like Me: Life After Death (2009)

IMDb: 6.3/10 (2,719 votes)
«Dead Like Me» fekk to sesongar når serien gjekk på Showtime i 2003-2004, den andre blei brått avslutta då sjåartala svikta, så serien fekk aldri ei skikkeleg avslutning. Dette er noko filmen «Dead Like Me: Life After Death», som nyleg kom rett-på-video, har hatt som mål å endre på.
Å samle gjengen fem [...]

TV samlepost #24: Den amerikanske TV-hausten

I år har eg ingen planar om å få med meg kva alt det ny er, slik som føregåande år. Eg har gitt «True Blood», den nye serien til Alan Ball på HBO ein sjanse og det same med J.J. Abrams nye FOX-sendte «Fringe», men det ser ut til å bli alt inntil Whedon dukkar [...]

GRΣΣK sesong 1

22 episodar.
Utvalet av seriar om ungdom i highschool-alderet har generelt vore stort, tenåringssåper har det med å starte mens hovudrollane skal vere rundt 16 år. For dei lengstlevande seriane har college ofte blitt ein vag ting, der mange seriar vel å utvide med eit friår og liknande («The O.C.») eller rett og slett gjere college [...]

In the Valley of Elah (2007)

IMDb: 7.6/10 (13,241 votes)
Då eg skulle sjå «In the Valley of Elah» på kino tidlegare denne månaden hadde eg ingen forventingar eller tankar til kva den skulle vere. Den faktiske grunnen til at kinobesøket fall på akkurat denne filmen var at ingen av dei andre filmane freista. Men kva gjorde det når Paul Haggis skulle [...]

O Brother, Where Art Thou? (2000)

IMDb: 7.8/10 (69,616 votes)
Med «O Brother, Where Art Thou?» bak meg er eg ajour med eit prosjekt eg har hatt i bakhovudet i lengre tid no, nemleg alle Coenbrødre-filmane. Grunnen er enkel, dei eg hadde sett allereie før innspurten som bestod av fire filmar for tre dagar sidan, var gode og gav meg lyst til [...]

Good Will Hunting (1997)

IMDb: 8.0/10 (104,165 votes)
Eit gjensyn denne kvelden med ein av dei verkeleg gode filmane frå slutten av 1990-talet. Frå manus av Ben Affleck og Matt Damon har Gus Van Sant kokt i hop eit knakande godt drama der Matt Damon og Robin Williams briljerar i dei to viktigaste rollane, første som geni og andremann som [...]

Funny Games U.S. (2007)

IMDb: 7.0/10 (2,721 votes)
«Funny Games U.S.» er ei amerikansk nyinnspeling av den austerrikske filmen «Funny Games», så lik originalen som det kan bli visstnok, utan at eg har sett originalen for å kunne stadfeste det er det opplyst at den amerikanske er ei såkalla shot-for-shot nyinnspeling. Regissøren er den same, manus er ikkje tukla med, [...]

Cry-Baby (1990)

IMDb: 6.2/10 (10,901 votes)
Eg har ein innrømmelse på lager, eg har aldri sett «Grease». Sjølvsagt har eg sett klypp frå den, eg veit sånn cirka kva den handlar om og alt det der, men har aldri hatt spesielt lyst til å sjå heile. «Cry-Baby» fekk eg umiddelbart lyst til å sjå når eg blei obs [...]

Juno (2007)

IMDb: 8.4/10 (18,740 votes)
Roger Ebert kåra «Juno» til årets beste film for 2007. Den respekterte, amerikansk filmkritikaren har tidvis skrytt hemningslaust over filmar eg ikkje har hatt den største gleda med, men når det gjeld «Juno» har han eit poeng. Hadde eg sett denne før det nye året satte inn hadde den sanneleg skulle fått [...]

Across the Universe (2007)

IMDb: 7.9/10 (10,404 votes)
Det er å underdrive og seie at eg er glad i The Beatles, som fan er eg rett nok fersk, men det skal ikkje legge noko demping på gleda eg får ved å høyre songar som «Got To Get You Into My Life» og «I Should Have Known Better». Utan å ha [...]

Gone Baby Gone (2007)

IMDb: 8.0/10 (8,365 votes)
“Alle” snakkar om «Gone Baby Gone» og Ben Affleck som har funne vegen bak kamera og må forbli der, at han har mykje større talent for filmskaping enn skodespel. Så eg ser ingen grunn til å trakke opp desse spora så mykje meir, til sjuande og sist handlar jo det om filmen.
Casey [...]

Atonement (2007)

IMDb: 8.1/10 (9,949 votes)
«Om forlatelse», som Joe Wright sin andre store film med Keira Knightley har fått som norsk tittel, befinn seg i ein lite utforska sjanger for min del; historisk drama i krig og kjærleik. Hadde det ikkje vore for Anne Hoff si filmmelding i bladet Film & kino ville eg vel gått lenge [...]

Bridge to Terabithia (2007)

IMDb: 7.4/10 (16,682 votes)
Ein god barnefilm skal i mine auger, vaksne som dei er blitt, appellere like godt til både barn og vaksne. Måten den skal gjere det på; den skal vere spennande for barna og kunne gi dei vaksne inntrykk av å vere barn igjen. «Bridge to Terabithia» klarte å involvere meg i både [...]

Veronica Mars sesong 1

22 episodar.
«Veronica Mars» blir beskrive som ein dose Buffy og Bogart med eit hint av Nancy Drew, ingen dum måte å sei det på, om kanskje litt for forankrande. Rob Thomas har laga ein serie som rett nok har ei sterk kvinneleg hovudrolle, i stor grad er inspirert av film-noir og handlar om detektivar framandgjort [...]

Christine (1983)

IMDb: 6.2/10 (10,104 votes)
Jau, jau. «Christine» er nok langt i frå det beste John Carpenter har laga. Men den er ikkje heilt blåst for positive sider. For å ta det som gjer at «Christine» går an å sjå først. Den har god musikk, då først og fremst Carpenter sin eigen filmmusikk. Med denslags som grunnlag [...]

Sunshine (2007)

IMDb: 7.0/10 (7,407 votes)
Med relativt låge forventingar var det eg reiste for å sjå «Sunshine, i trua på at det var ein popcornfilm (vurdert frå filmtraileren). At eg skulle sjå den hadde mest med at Danny Boyle laga «28 Days Later…»
I «Sunshine» har sola byrja å slokne, ei gruppe på 8 er på veg dit [...]

Black Sheep (2006)

IMDb: 6.7/10 (276 votes)
Sauer vil aldri bli det same igjen! Med «Black Sheep» i kveld vart eg offisielt Kosmoramapublikum for årets festival. Og for ein måte å bli det på!
«Black Sheep» er noko av det eklaste eg har sett på kino. Nokre vil kanskje sei seg litt skuffa, noko eg kjem tilbake til, for eg [...]

Rocky (1976)

IMDb: 7.9/10 (38,472 votes)
Etter å ha sett Muhammad Ali sloss mot den ukjente Chuck Wepner var Sylvester Stallone blitt så inspirert at han satte seg ned og skreiv manuset som gav liv til den Oscarvinnande boksefilmen, på tre knappe dagar.
Mitt forhold til «Rocky» har vore ganske sporadisk, det starta med «Rocky IV» for 1½ år [...]