Roger Ebert kåra «Juno» til årets beste film for 2007. Den respekterte, amerikansk filmkritikaren har tidvis skrytt hemningslaust over filmar eg ikkje har hatt den største gleda med, men når det gjeld «Juno» har han eit poeng. Hadde eg sett denne før det nye året satte inn hadde den sanneleg skulle fått ein plass på mi toppliste likedan. Om ikkje dette luktar skryteinnlegg nok så kan eg godt stadfeste at det er, først som sist.
«Juno» er ein dramakomedie om ei 16 Ã¥r gammal jente som blir gravid, ufrivillig. I hovudrolla finn me kanadiske Ellen Page — den vesle tøffe jenta frÃ¥ «Hard Candy», pÃ¥ overflata er ho ganske henslengt til tanken om at ho over 9 mÃ¥nader vil bli større og større, ho er dÃ¥ likevel ikkje av typen som gir faen i alt, sjølv om ho gjerne vil framstÃ¥ slik, for spesielt interesserte kan eg trekke parallellar til personlegheita Lindsay i «Freaks and Geeks» innehar. Page er intet mindre enn perfekt, verken for slapp eller anspent i spelestilen, ho fÃ¥r hjelp frÃ¥ ansikt som bl.a. Michael Cera («Superbad»), Jason Bateman («Arrested Development»), Jennifer Garner («Alias») og J. K. Simmons til Ã¥ komplettere skodespelsida av filmen. Dei tre siste har ikkje alltid overbevist i tidlegare filmar, her er det tydeleg gjort ein god jobb i Ã¥ tilpasse manuset eller finne dei rette folka.
Jason Reitman, regi og Diablo Cody, manus, har laga ein film som er smårar og koseleg, tilgjengeleg og lettfordøyeleg, alvorleg og veldig aktuell, utruleg morosam og rørande. Fjorårets «Knocked Up» tok også for seg uønska graviditet og blei ein av årets beste komediar, «Juno» klarar å berøre mange fleire sider på halvtimen mindre og framstår som ei perfeksjonering av typen seriøst vinkla komedien.
Dessutan, det er alltid eit godt teikn når ein har lyst å sjå filmen igjen før den er ferdig. Når daglegdagse gjeremål frukostlaging i microbølgeomnen får ein til å smile av pur glede for måten kamera og klypping jobbar i lag på. Når du tenker at Michael Cera er den nye helten fordi han går med oransje pannebånd og eigentleg aldri utfører store heltebragder. Når du kan lese tankane til ei jente gjennom at ho løftar tungt, røyker pipe og syklar, utan at filmen gjer eit stort nummer av å gjere dette eksplisitt (Slik går mykje av filmen, der bilde og tale gjerne jobbar på eiga hånd når dei ikkje går direkte i lag). Når ein har lyst å sei ALT om filmen, men innser at det aldri vil vere mogleg å gi ei beskrivelse verdig, der berre ei sterk anbefaling er godt nok.
Premieredatoen er satt til fredag 8. februar (endringar kan skje, då sist eg sjekka denne var 1. februar).

Det er å underdrive og seie at eg er glad i The Beatles, som fan er eg rett nok fersk, men det skal ikkje legge noko demping på gleda eg får ved å høyre songar som «Got To Get You Into My Life» og «I Should Have Known Better». Utan å ha tiår på nakken i miljøet er eg open for alternativ bruk av musikken, korleis andre måtte tenke er for meg uvisst, når «Across the Universe» (filmen) kom fram i dagen var eg var eg ganske høgt der oppe. Ettersom det tok tid før den kom til Noreg var eg rimeleg kjapp på soundtracket og hadde dei fleste coverlåtane prenta i hjernebarken før eg såg filmen.
Musikken, nyinnspelingar av The Beatles melodiar som glir inn i historien i varierande grad er flott, sjølv om det blir litt for mykje av den i blant. Dette går ikkje på bekostninga av resten av filmen, det fører berre til at den blir lengre. Stundom står handlinga stille, uansett kor mykje eg undervegs ønska meg meir tempo klarar eg ikkje å oversjå dette som bidrag til å låse oss fast i tid og bidrag til å gi limet under beina på folka som ikkje klarar å styre liva sine heilt som dei vil.
At «Across the Universe» klarte å gi meg ei tung kjensle i brystkassa gode 3/4 av filmen er eigentleg nok for meg til å skryte den opp i skyene, eg lever (les: ser film) for å oppleve desse gongene når det knyter seg i magen. Eg kan likevel ikkje unngå å legge merke til ting som kunne ha blitt gjort annleis, Prudence er ei eg gjerne skulle sett meir av her, ho forsvinn plutseleg ut av filmen for så å dukke opp igjen som om ho aldri betydde noko meir. Utflukta til Mr. Kite sitt sirkus tilfører filmen lite forutan visuell nytelse, Bono er ein av dei andre tilfella unødvendig show. Så problemet til filmen er i hovudsak at den prøver på altfor mykje, noko som hindrar den i frå å bli den ultimate filmopplevelsa, men den ligg ganske nærme for meg.
«Alle» snakkar om «Gone Baby Gone» og Ben Affleck som har funne vegen bak kamera og mÃ¥ forbli der, at han har mykje større talent for filmskaping enn skodespel. SÃ¥ eg ser ingen grunn til Ã¥ trakke opp desse spora sÃ¥ mykje meir, til sjuande og sist handlar jo det om filmen.
«Om forlatelse», som Joe Wright sin andre store film med Keira Knightley har fått som norsk tittel, befinn seg i ein lite utforska sjanger for min del; historisk drama i krig og kjærleik. Hadde det ikkje vore for Anne Hoff si filmmelding i bladet Film & kino ville eg vel gått lenge utan å ha sett den, sjølv om dei fleste observerte tilbakemeldingane har vore positive. I denne forbindelse tok eg meg litt tid til å reflektere over filmvanane mine og spesielt kor mange gode historiar eg går glipp av fordi eg glatt overser såkalla kostymedrama. Fordommane mine er ikkje ubetinga, altfor mykje platt og kjenslelaus kostymejåling har funne vegen til lerret og mine auger.
Nydeleg foto legg gjerne vekt på kamerarørsle eller stil ved sidan av flott komposisjon, menneska glir godt inn i miljøet og unngår å bli porselensdokker i dokkehus. Historia er gripande og fortalt roleg og tydeleg, utan at framgong blir hindra, forløpet går når det kjem til stykke eigne vegar og dette bidreg til friskheita eg snakkar om. Når du ser «Om forlatelse», sett at du har andre mål enn å mislike filmen, vil du merke at det ikkje er ei standarisert og reprodusert historie du får servert. Her er heller ingen eviglange monologar utan mål og meining, for å trekke fram Hoff for siste gong, med eit sitat: «Den knappe, korthogde (og visstnok 30-tallsautentiske) dialogen tilslører mer enn den røper. Til gjengjeld dirrer hvert bilde av uuttalte følelser og fortettet spenning.»
Ein god barnefilm skal i mine auger, vaksne som dei er blitt, appellere like godt til både barn og vaksne. Måten den skal gjere det på; den skal vere spennande for barna og kunne gi dei vaksne inntrykk av å vere barn igjen. «Bridge to Terabithia» klarte å involvere meg i både karakterane og fantasien, den utfordrar dessutan sistnemnte til ei viss grad og innfallet av spesialeffektar er minimalt til fordel for filmen i forhold til kva kinotraileren kunne gi inntrykk av.
«Veronica Mars» blir beskrive som ein dose Buffy og Bogart med eit hint av Nancy Drew, ingen dum måte å sei det på, om kanskje litt for forankrande. Rob Thomas har laga ein serie som rett nok har ei sterk kvinneleg hovudrolle, i stor grad er inspirert av film-noir og handlar om detektivar framandgjort av samfunnet rundt seg, men han har gjort så mykje meir.
Ingen god dramaserie kan overleve pÃ¥ ein karakter Ã¥leine, Veronica Mars har ein far som er detektiv og mange tidlegare venner frÃ¥ den rike delen av Neptune, som av zipkoden 090909 gÃ¥r under «the 09ers». Tidlegare venner er ungar av folk som har utstøytt faren hennar enn han trakka skeivt som sheriff i eit mordmysterie Ã¥ret før serien utspring. Mordet blei aldri løyst, iallfall har Veronica og delvis faren sterke tvil til utfallet og pÃ¥gripelsen som blei gjort, men trÃ¥dane er mange og lause. Veronica meinar offeret, som var hennar beste venninne, fortenar sanninga.
Mordmysterie gÃ¥r som ein raud trÃ¥d gjennom heile første sesong, der enkeltepisodar varierar mellom mindre saker og «den store etterforskinga». Serien har ogsÃ¥ eit anna hovudmysterie, samt fleire mindre saker som gÃ¥r over fleire episodar. FramgangsmÃ¥ten er optimal for formatet, den gode balansen mellom nye ansikt med problem og hovudmysteria gjer at spora ikkje blir trakka opp igjen eller «den store etterforskinga» ikkje blir langdryg. Eg reknar med at fleire av enkeltsakene Veronica tek pÃ¥ seg har likskapstrekk nÃ¥r ein studerar det nærmare, men mÃ¥ten etterforskingane her gÃ¥r fram; finne spor, bygge saker og sidan avsløre, er stadig full av uventa twistar kontra sjølvsagte aha-moment — ein aldri veit kva som ligg pÃ¥ lur!
Eg har sett den komplette «Veronica Mars» serien før, tre sesongar lang, difor har eg hatt god tid til Ã¥ la enkelte inntrykk synke før eg starta pÃ¥ igjen. Største overraskinga ligg i kor mykje eg hugsar, tross dei tre Ã¥ra som har gÃ¥tt sidan eg sist sÃ¥g desse episodane. «Veronica Mars» var ein av dei stabile seriane, som veke etter veke holdt godt nivÃ¥, beholdt spenninga og gav meirsmak. Slik var det Ã¥ sjÃ¥ igjen første sesong — som ein serie med god fordeling av hard kriminalitet og highschool over heile linja, og som berre blir betre utover andre og tredje sesong.
Jau, jau. «Christine» er nok langt i frå det beste John Carpenter har laga. Men den er ikkje heilt blåst for positive sider. For å ta det som gjer at «Christine» går an å sjå først. Den har god musikk, då først og fremst Carpenter sin eigen filmmusikk. Med denslags som grunnlag kan det meste bli spennande.
Med relativt lÃ¥ge forventingar var det eg reiste for Ã¥ sjÃ¥ «Sunshine, i trua pÃ¥ at det var ein popcornfilm (vurdert frÃ¥ filmtraileren). At eg skulle sjÃ¥ den hadde mest med at Danny Boyle laga «28 Days Later…»
Sauer vil aldri bli det same igjen! Med «Black Sheep» i kveld vart eg offisielt Kosmoramapublikum for årets festival. Og for ein måte å bli det på!
Etter å ha sett Muhammad Ali sloss mot den ukjente Chuck Wepner var Sylvester Stallone blitt så inspirert at han satte seg ned og skreiv manuset som gav liv til den Oscarvinnande boksefilmen, på tre knappe dagar.