IMDb: 4.0/10 (1,880 votes)
Litt historie først. Denne TV-spesialen blei sendt for første gang på CBS i 1978 i forbindelse med Thanksgiving Day. Ideen bak spesialen blei skrive av George Lucas, men han hadde ingenting å gjere med filmen utover det. Når han såg resultatet ville han nekte TV-kanalen å sende den, men det stod i kontrakten at den skulle bli sendt minst ein gong. Og meir enn det har den aldri blitt sendt. Den har ikkje vore i nærheiten av å komme på verken video, kino eller TV igjen. Heldigvis, viss det går an å sei det på den måten, var det nokon som tok opp programmet. Nesten 28 år seinare har ein kopi av den funne vegen til meg.
Grunnen til at eg ville sjå denne greia, som eg aldri hadde høyrt om før tidlegare denne veka, var ei slags filmmelding i det siste M-albumet til Mads Eriksen: M Superalbum. Eg skal sitere litt:
Det finnes flere typer «dårlig» film. Morosam/dårlig, som «Plan 9 From Outer Space», for eksempel — og så dårlig/dårlig, som «Alexander». Og så finnes det kjedelig/dårlig, og irriterende/dårlig og håpløst, begredelig, gudsjammer/dårlig. Og så, et par hakk til lengre ned på stigen, når man trodde man skulle ha nådd bunnen for lengst — se der er «Police Academy: Mission to Moscow». Og så et godt stykke under den igjen, finner man omside «Star Wars Holiday Special».
Dette her er jo åtvaring så sterkt som det går an, men dei er jo til for å unngås? Eller?
Kvaliteten var det første som slo i mot meg. Ta noko av det dårlegaste du har sett på YouTube, legg til litt støy, køyr på eit sterkt blur filter i Photohop og du har nesten kvaliteten her. Det er ikkje alltid kvaliten har noko å sei på ein film, så lenge filmen i seg sjølv er god kan eg godt sjå den. Men her blei eg nesten litt småkvalm.
Så til sjølve filmen. Historien er tam som ein fjert i verdensrommet, og då ser eg for meg at ein ikkje kan lukte der. Det er som du sit å håpar på å måtte gå på do, så filmen kan gå sin gang utan at du har sett den på pause — akkurat som på kino. Og dei musikalske innslaga måtte eg spole forbi, fram til det var igjen 25 minutt av filmen (ev. videofila), då fann eg fram eit nyinnkjøpt teikneseriehefte og lot filmen gå i bakgrunnen, med nedsett lydvolum for ikkje å gjere meg gal. Ein plass går grensa for kva eg kan fullføre, og eg slo av filmen 10 minutt før slutt. Då var det eigentleg for seint. Handlingsreferat får du ikkje, då må du gå til www.starwarsholidayspecial.com.
Det andre av filmmusikk er kanskje verdt å nemne, det høyrtes nemleg ut som ei atombomba speledåse. Eg har aldri følt meg så meiningslaus som då eg pinte meg gjennom dei første 20 minutta med den musikken, og wookie-prat utan teksting oppå det igjen.
Eg veit ikkje om eg bør skrive særleg mykje meir, du har nok forstått poenget mitt. Det er ingenting positivt å sei om denne filmen. Eg er ein idiot som såg så mykje av den som eg gjorde, men det er nok pga. ein eigen regel eg har laga for filmdagboka mi: ein film må vere sett ferdig for å kunne føre den opp her. I forhold til det andre av filmar eg har gitt den dårlegaste vurderinga her tidlegare, så er dette dårlegare. Eg innfører derfor eit nytt 0-punkt, ei ny ‘minstemeining’, som berre vil bli brukt denne gongen. For ein så dårleg film skal eg aldri sjå igjen.
1/10