Det sociala arvet (1993)

IMDb: 6.2/10 (148 votes)

Det sociala arvetTysdag er dokumentardag, eller har iallfall vore det fleire av tysdagane denne hausten. På forelesingsplanen stod den tredje filmen i trilogien om Stoffa og Kenta av Stefan Jarl oppført. Det vil sei, Stoffa døydde i løpet av forrige film, som eg saman med den første gjekk glipp av forrige tysdag.

Synet her er retta mot den nye generasjonen, ungane til modsen frå 1968. Modsen var ungdomsopprørarane i Sverige, ein variante av hippiane. Stefan Jarl var skeptisk til korleis det skulle gå med ungane, men det viser seg at dei ikkje har nokon problem, faktisk heller stadig bra. Han er kanskje litt skuffa over at dei har teke kommersialismen og materialismen så inn over seg, så kritiske foreldregenerasjonen (modsen) var mot samfunnet.

Velfungerande dokumentarfilm med enkelte spelefilmelement som gir rom for ei enkel karaktertilknytning og betre flyt. Filmen er god på å beskrive livet til ein eks-narkoman og noverande alkoholikar (det skulle tatt seg ut å klare å slutte med begge deler!) og som sagt, den nye generasjonen.

6/10