The Mist (2007)
søndag, mars 9th, 2008
Frank Darabont står bak to av dei beste, men og mest dramaorienterte Stephen King adapsjonane til lerretet. Med «The Mist» bevegar han seg inn på det overnaturlege, men skapar like fullt ein god film.
Det startar med ein storm, så kjem tåka, tjukk som julenissen og kvit som kokain, og legg seg som eit pledd over småbyen me har blitt etterlatt i. Eit tre i hagen til familien Drayton har knust eine vindauge i til huset deira, og herr Drayton, David, er i butikken med sonen for å kjøpe midlertidig reperasjonsutstyr når tåka sig inn. Ingen anar fare før ein blodig mann kjem springande ut av tåka og inn på butikken, det er «noko» som gøymer seg i den.
«The Mist» håndterar gruppa menneske i butikken i deira møte med det som ikkje skal kunne eksistere. Reaksjonane varierar frå fornektelse til aggresjon, nokre går rett i døden som følger av dårlege avgjersler, men korleis kan me utsette noko på folk som klart er i sjokk? Den ustabile og fundamentale krisne kjerringa Mrs. Carmody preikar i eit sett om Guds vilje og er det tydelegaste eksempelet på at denne filmen tek for seg så vel interne problem som eksterne, Marcia Gay Harden er ei dame eg mislikar sterkt — ho er så altfor flink til å spele usmakelege kvinnfolk, og gjer ein av dei verste (les: beste) rollane sine her, som ei meir truverdig og ikkje minst vaksen utgåve av Malachai frå «Children of the Corn». Konflikta mellom ho og andre er årsak til stor irritasjon, eller kanskje meir engasjement — du vil at noko skal skje, samtidig legg ikkje «The Mist» seg i klisjetogets skinnespor, sjølv om det i blant blir kryssa.

Mellom mange og dataanimerte monsterkalas held Darabont spenninga oppe ved å utnytte tåka for det den er god for. Uvisse pregar store delar av filmen, tung stillheit heng over mange av dei beste scenene. Stygge kryp kjem tidsnok inn i bilde, kva opphavet er blir det viktige spørsmålet som gjer det verdt å følge med på vidare. No dreg dette ut i litt over 2 timar, noko tålmodigheita får kjenne gjennom eit par altfor lange sekvensar, eg synst likevel det er ein god film, mange interessante og ulike sider ved historia kjem fram — det blir aldri ein rein monsterslasher eller «konflikt mellom folk i butikken»-film, balansen er god og gjer dette verdt ein titt.
Jau, jau. «Christine» er nok langt i frå det beste John Carpenter har laga. Men den er ikkje heilt blåst for positive sider. For å ta det som gjer at «Christine» går an å sjå først. Den har god musikk, då først og fremst Carpenter sin eigen filmmusikk. Med denslags som grunnlag kan det meste bli spennande.
John Cusacks karakter skriv “Topp 10″ bøker om spøkelse. Personleg virka han ikkje å tru på dei, men forfattarskapet er god business. Når han så får augo opp for rom nr 1408 i eit New York hotell er det forhistorien som fattar interessa hans, utan at han på nokon måte blir overbevist av at rommet skulle vere annleis enn alt det han tidlegare har besøkt.
Noko eg har funne ut over åra er at ein aldri skal forvente for mykje av ein Stephen King adapsjon. Unntak finst det alltid, men den gjennomsnittlege filmatiseringa ligg på eit moderat nivå er mi erfaring. I det legg eg og at dei filmane eg har sett heller ikkje har vore dei dårlegaste.
«Carrie» er langt i frå så skummel som eg hadde håpa på. Hadde uansett ingen store forventingar om at den skulle vere skummel, men trudde ikkje den skulle bli så alvorleg som det den var. Mobbinga av Carrie White går ganske langt her.
Kvifor har denne filmen fått så høg rating? Det er spørsmålet eg har stillt meg sjølv dei to siste dagane. Viss du veit svaret, legg igjen ein kommentar.
Tredje gongen eg har sett denne filmen, og den er framleis like bra. Dette var sone1-utgåva, nyleg lagt til i samlinga mi, som inneheld eit par ekstra scener i forhold til sone2-utgåva. Alt i alt 20 minuttar tillegg. Filmen er framleis skummel, takk og pris. Og eg såg ekstramateriale for første gong, ein «behind the scenes» av Vivian Kubrick. Interessant.
Var nysgjerrig på denne filmen, for den hausta både dårlege og gode kritikkar. I starten av filmen vart eg litt skeptisk ettersom det stod det var ein Stephen King film, men filmen var ganske god. Og slutten var den beste ein kunne tenke seg i ein slik film.
Nervepirrande, på grensa til skummel. Bra skrevne dialogar. Flott setting. Ein kvalitetsfilm signert Kubrick. Eit godt forbilde på korleis bøker av Stephen King skal filmatiserast.