The Office sesong 4
mandag, mai 19th, 200814 episodar.
Nok ein amputert serie frå NBC, eg nemnte «Scrubs» i eit tidlegare innlegg. «The Office» med Steve Carrell er ein god komedie satt til kontoret til papirdistributøren Dunder Mifflin, lagt opp som ein dokumentar/realitysserie, men med manus. Det eg la mest merke til i den fjerde sesongen er at fleire av karakterane har forandra seg sidan byrjinga av serien, dette har nok ikkje skjedd brått, men på grunn av fleire seriøse plotlines og grovare vitsing som rammar personane i større grad enn tidlegare kjem desse endringane meir til overflata. Framleis er «The Office» ein fin komedie å følge med på, eg har lite spesifikk forutan streiken å utsette på forløpet til fjerde sesong.
Tredje runde med denne serien held seg godt sjølv om tilknytninga ved å sjå dei to første sesongane samanhengande så smått er forsvunne, pluss litt for mange pausar innimellom. Likevel er «The Office» ein serie som står støtt på vekeleg basis. Dei svakaste episodane er middels gode på sitt dårlegaste, dei gode er blant det beste innan komiserie. Iallfall likar eg å tru det. Så har den skuffa, eller held det seg? Eg vel den gyldne middelveg om eg skal samanlikne med dei førre sesongane. Det kan sjå ut som serien har nådd toppen sin og aldri vil nå opp igjen til det punktet eg var mest inne i serien. Men forkaste den? Det vil eg ikkje. For «The Office» gir seg ikkje endå, ein fjerde sesong vil komme. Har du lese og lurar på kva eg snakkar om, ettersom Ricky Gervais driv med heilt andre saker for tiden, så er det sjølvsagt den amerikanske versjonen eg har plapra i veg om.
Sidan det var så få episodar i første sesong fekk eg aldri sjansen til å sette meg godt nok inn i serien til å vurdere den skikkeleg. Med desse 22 episodane ekstra blei det lettare.
Så det ikkje er tvil om det, her er det snakk om den amerikanske versjonen frå NBC med Steve Carell, Rainn Wilson, John Krasinski, Jenna Fischer og B. J. Novak.