Steve Buscemi er den frekke og utnyttande journalisten som får jobben å intervjue skodespelarstjerna spela av Sienna Miller. I filmen som Buscemi sjølv står som filmskapar bak får du ei dialogdriven handling som i stor grad føregår i karakteren til Miller si leilegheit. Den utspekulerte og mørke naturen til desse to karakterane, som i blant snik seg til overflata, resulterer i ein herleg, i blant rørande, i blant skremmande, dans av ein film. Du kan ikkje anna enn elske å hate både Buscemi og Miller i dette, som er den type film som viser det egoistiske, naturstyrte menneske under press.
Steve Buscemi dukkar opp på Kosmorama i slutten av april, og i den forbindelsen fann eg det interessant å sjå på kva mannen har regissert forutan «Lonesome Jim» som eg såg i fjor.
«Animal Factory» er ein fengselsfilm. Det vil vere feil å sei det er ein koseleg fengselsfilm, men det er ikkje det verste fengselet eg har sett. Både vakter og innsatte virka litt meir slack enn vanleg.
Sjølvsagt har denne filmen sin dose med drap og valdteksforsøk, det er ikkje til å komme unna at det er bad guys i eit fengsel. Willem Dafoe spelar gudfar med annerkjent clique, har kontaktar overalt i fengselet, og ein mann av respekt kort sagt. I ei posisjon der han kan gjere som han vil tek han unge, nyinnsatte Ron (Edward Furlong) under vingene sine.
Me følger desse to gjennom ganske vanlege fengselsrutinar, der ingenting blir forsøkt overdramatisert. Balansen i filmen er det som gjer dette til ein fin og forholdsvis roleg film, og forholdet mellom desse to blir godt utdjupa. Her er det ikkje snakk om eit homofilt forhold, meir som far og son.
Willem Dafoe viser nok ein gong klasse, Steve Buscemi dukkar opp i ei lita rolle for å vise seg, og Danny Trejo er tilstades som inmate. Skodespelarane er på plass! Filmen kjem ikkje til å toppe nokon lister av meg, sjølv om den er god.
Trees Lounge er namnet pÃ¥ ein liten brun pub i ein ukjent amerikansk by. Steve Buscemi, som stÃ¥r bak regien og manusen til filmen, spelar Tommy — ein av fleire alkoholiserte stamgjester pÃ¥ puben. Filmen markerte debuten til Buscemi i regissørstolen, som seinare har stÃ¥tt bak «Lonesome Jim», og fleire (gode) episodar av «The Sopranos», blant anna ein av mine favorittar: «Pine Barrens».
Tommy har tydelegvis vore alkoholikar i fleire år, og i løpet av den siste tiden har han mista både jobben og dama. Mens han prøver å finne seg ein ny jobb, heng han ein del på «Trees Lounge». Der går det stort sett i brunt tøysevatn og brun sprit, og Tommy kjem seg ikkje så langt. Så dør Uncle Al, isbilmannen, og Tommy tek over jobben i isbilen.
Hadde det ikkje vore for at filmen omhandlar alkoholisme, så hadde det vore ein av good feeling filmane, men drikkinga her blir framstilt som eit samfunnsproblem. Ein del av dei sentrale problema rundt alkoholikarar kjem fram, men det er ingen fare for at denne filmen går over til å bli ein kristleg folkeparti ting heller, langt i frå. Stemningen utover i filmen er roleg og innimellom triveleg. Kjente ansikt som Michael Imperioli, Samuel L. Jackson og John Ventimiglia dukkar opp i mindre rollar som er med på å skape eit gjennkjenneleg miljø.
Etter ein lang og hektisk dag var det godt å sette seg ned i sofaen med ein roleg film som Lonesome Jim. Her får me servert ein film om ein ulykkeleg mann, på randen til depresjon, som møter ei omsorgsfull dame. Eg kunne nærast kjenne stemninga boble i meg. Dette er eit godt val for å stresse ned, men kanskje for roleg for nokre. Eg derimot, er veldig glad i denne type film.
