Psych sesong 1

Psych15 episodar.

Eg var ikkje klar over det, men «Psych» hadde visst sesongfinalen sin for minst 3 veker sidan. Det kom som eit lite sjokk på meg at serien ikkje er tilbake før i juli altså. I forbindelse med denne andre sesongfinalen av den første sesongen, serien tok pause etter 8 episodar i haust, bles eg støv av skribleriet mitt frå då. Hopp altså til siste avsnitt om du har lese dette før.

«Psych» handlar om ein fyr med veldig god sans for å fange opp detaljar, Shawn Spencer, og vennen hans frå barndommen av, Gus. Med sine spesielle emner blandar han seg inn i ei politisak, og ser det å stå fram som synsk som einaste utvegen for å unngå å bli stemna som medsamansvoren. Dette gir han ideen om å starte opp eit privatetterforskingsfirma, Psych, nokon han ikkje kan gjere åleine. Her kjem Gus inn i bilde, han er kritisk til det meste av det Shawn finn på, har ei veldig god luktesans, og gir ei viss balanse i serien.

Kanskje du tenker noko i retning av at dette er nok ein overdreven etterforskingsserien, men det stemmer ikkje. «Psych» har ein solid dose humor og ironi, og gjer på ein måte litt narr av seriar som «Criminal Minds» og «CSI», utan at det blir dumt. Det krever heller ikkje særleg mykje tenking, for ein kan like serien utan å måtte prøve å løyse mysterie sjølv. I grunn er ikkje løysinga alltid så viktig, så lenge etterforskinga er bra.

«Psych» har blitt ein slags ny helgefavoritt, ein etterforskingsserie eg ikkje har sett liknande av som eg kan hugse. Det meste i denne sjangeren som prøver seg med så mykje humor som her blir dumt, noko eg i grunn ikkje veit sidan eg påstod at eg ikkje kan hugse eg har sett noko liknande. Men poenget mitt der var at eg ikkje har sett noko liknande OG bra. Med konklusjonen at dette er ein bra serie set eg punktum, det blei ikkje heilt det same å pusse opp eit gammalt innlegg som å skrive eit nytt.