Etter nedturen «The Curse of Michael Myers» er «H20» som gull Ã¥ rekne, med omsyn til heile filmserien har faktisk denne scener som kjem pÃ¥ øvste del av lista over minneverdige augeblinkar. Jamie Lee Curtis er tilbake og handling frÃ¥ «Halloween 3» tilogmed «The Curse …» har aldri skjedd. «H20» er bÃ¥de ein frisk nesten-omstart i franchisen og ein habil skrekkfilm, spennande og grusame scener som veg opp for eit par upassande og halvkomiske. Josh Hartnett debuterar utan Ã¥ prestere pÃ¥ topp, men er som omtrent alle andre i filmen del av den beste rollebestninga hittil. Manglar Pleasance. Svak sjuar.
Frå her av og utover synst eg filmane aldri har blitt meir enn grei underholdning. Denne tredje filmen er blant dei betre etter dei to første (som er dei to beste). Jason gjenoppstår og legg seg etter ei gruppe unge menneske som er ved Crystal Lake for å ha det gøy, ingen leirforbindelsar her, berre vanleg hyttetur. «Part III» er stadig like flink til å bevare spenninga då det tek tid før folk oppfattar kva som skjer.
Overraskande god oppfølgar, sjølve oppbyggina er nokså lik den første, Voorheesmytologien er i ferd med å slå rot og gir god grunn til å sjå denne. Filmen tek stad ikkje langt unna Camp Crystal Lake som var plassen i første og er veldig lik, det ser eg på som eit pluss, dette er det perfekte og ikkje minst ekte «Friday the 13th»-miljøet i mine auger.
James Van Der Beek klarte ikkje heilt å stå fram som ein ekte revolvarmann i denne filmen som er ein typisk western om det gode mot det onde. Altså ingen film ut av det ordinære. Litt kjedeleg faktisk.
