Eksperimentell film frå Steven Soderbergh som fell godt i smak. Pornostjerne Sasha Grey spelar dyr eskorte, eller luksusprotituert, på Manhattan. Soderbergh har klart å formidle livet til ei litt udefinert kvinne i eksortebransjen, viss verdiar og utstråling er vanskeleg å få tak på. Samtidig gjer han filmen til eit uttrykkande medium for finanssituasjonen som bygde seg opp mot presidentvalet i 2008. Filma med Red One kamera ser filmen nydeleg ut, musikken er litt utanom det spesielle, men like velfungerande. Filmtraileren er blant dei mest truverdige mot sjølve filmen eg har sett på lenge, og viser eit god eksempel på musikkbruken.
Søndagsfilmen på NRK1 denne veka var Steven Soderbergh sitt portrett av Erin Brockovich, åleinemora som gjorde det stort i å bygge opp millionsøksmålet mot Pacific Gas & Electric Co. i 1993 på grunnlag av grunnvatnsforgifting.
Julia Roberts, som i ettertid av suksessen har utvida samarbeid med Soderbergh, spelar Erin Brockovich, som etter eit mindre hyggeleg bilkrasj kjem i kontakt med advokaten Ed Masry (Albert Finney), og som omstendigheitene fører til at ho krever jobb av.
Eg var litt redd for at dette kunne bli nok ein film der eit fattig menneske med armane fulle av ansvar, som tilfeldigheitene og mykje flaks skulle føre opp og fram i verden. Jo, det er vel litt slikt, men betre skjult enn ofte elles. Dessutan er fokuset mest retta pÃ¥ jobben til Erin Brockovich, og korleis ho utfører den. Ho har nemleg ein stor fordel framfor advokatar nÃ¥r det kjem i Ã¥ kommunisere med klientane — det at ho ikkje er advokat.
Javisst er filmen lang, og hadde teke skade av dette hadde situasjonen til Erin blitt lagt større vekt pÃ¥. Problema klientane i saka filmen handlar om, er sÃ¥ grusomme at Soderbergh kan smøre tjukt pÃ¥ i andre ender av filmen utan at det gÃ¥r ut over den. Det blir plass til eit par problem frÃ¥ heimefronten til Erin, men dette tek aldri — og heldigvis ikkje — over.
Eg har prøvd å få fram av det er ein god balanse i filmen, men det betyr ikkje at det er fråver av sentimentalitet i dette dramet. Det er meir at sentimentaliteten er til å svelge utan at det blir magetrøbbel. Og slik blir dette ei fornøyeleg opplevelse, og uansett kor mykje eg kan ha mislikt Julia Roberts tidlegare pga. romantiske komediar, kan dama spele utruleg bra.
I 1996 kom denne eksperimentelle komedien, av og med filmskaparen Steven Soderbergh, som her gjorde si første rolle. At den er eksperimentell inneber også at den er vanskeleg å forklare i korte trekk. For her føregår det mykje som ikkje blir begrunna, og sikkert noko som Soderbergh har teke med på pur f. for å forstyrre.
Første halvdel av filmen er via mest til den kontortilsette Fletcher Munson, som i andre halvdel blir seg sjølv i ein anna person, tannlegen Jeffrey Korchek. Han ser ut til å mislike jobben sin, snakkar på avanserte termar med kona si, og går brått over til å snakke japansk ein plass. Så er det Elmo Oxygen, ein fyr i oransje kjeledress som med følge av eit kameracrew besøker heimeverande damer forkledd som skadedyrutryddar, før han blir overtala til heller å reise rundt å banke opp folk.
Fortvil ikkje om dette høyres uforståeleg ut, for når eg tenker meg om så forstod eg svært lite i filmen, og er soleis ikkje skikka til å lage eit samandrag på det. Men det betyr ikkje at filmen var bortkasta tid, den fungerte som komedie, for det meste på absurd vis. Dog den blir berre ei mellomgod kryddersuppe totalt sett.
Etter Ã¥ ha sjekka resymeet til Soderbergh oppdaga eg at eg faktisk har sett ein del av han før. Filmar som «Traffic», «Ocean’s Eleven» og «Ocean’ts Twelve», «Solaris», og pilot-episoden av «Unscripted» (som eg ikkje likte).
«Sex, Lies and Videotape» blir ganske annleis samanlikna med dei eg har sett, ettersom den er mykje meir jordnær og menneskeleg. Det er ikkje noko omfattande og kriminelt som i «Traffic» eller utanomjordisk som i «Solaris». Dette kunne ha skjedd i nabolaget ditt, iallfall i verste fall. Det kunne forsåvidt «Traffic» og, men ja, eg håpar eg blir forstått. Viss ikkje, så drit og. Eg likte iallfall denne filmen mykje betre enn «Traffic». Eg klarte å få kontroll på handlinga her, og karakterane samtala på ein måte som var absolutt fengslande. Det skal heller ikkje leggast skjul på at dei erotiske tema som blir tatt opp i nokon/flesteparten av samtalane var interessante.
Tidlegare har eg nemnt at eg ikkje likar Andie MacDowell. Men her var det faktisk ikkje eit problem. Rett nok synst eg fortstatt ikkje ho er noko særleg pen, men det er vel kanskje ikkje direkte sakleg å skrive om i denne samanhengen.
Peter Gallagher er som alltid stilig, og med eit bilde av han danna gjennom «The O.C.» så klarar eg ikkje forestille meg han som nokon drittsekk, uansett kva han gjer her. All ære til mannen med dei store augebryna, og Steven Soderbergh, og alle dei andre.
No har eg venta i eit halv Ã¥r pÃ¥ Ã¥ fÃ¥ sett oppfølgaren til «Ocean’s Eleven». Ikkje fordi eg trudde den var spesielt god, men fordi eg hadde sett den første. Og har ein først starta pÃ¥ noko, sÃ¥ skal det avsluttast. Som spenningsfilm er det ingen ting nytt her, og heller ikkje som komedie eller krim. Fordi det var ein «Ocean’s Eleven»!
Ein god film, men sidan eg ikkje hadde undertekstar, så blei den meksikanske delen ganske så uforståeleg. I føler at filmen er godt laga, det var veldig mykje blanding av kven som dukka opp på skjermen, men det blei ikkje rotete likevel. Også alle dei kjente folka! Benicio Del Toro, Michael Douglas, Topher Grace, Catherine Zeta-Jones, Majandra Delfino, Dennis Quaid, Don Cheadle og Luis Guzmán. Alle folk eg kjenner til frå før.
