Band of Brothers miniserie

10 episodar.

Variasjon.

Måtane å starte på når eg skal skrive om «Band of Brothers» virkar å vere like mange som soldatar i Easy Company, den enkle utvegen blir å kalle serien ei lengre skildring av eit enkelt kompani sine kampar under 2. verdskrig, men eg vil først og fremst vektlegge følgande i opningsavsnittet: ei bemerking av variasjonen dette ti episodars lange krigsrelaterte tv-produktet står for.

HBO sin kritikarroste, prisvinnande og godt mottekne serie blant publikum er enkel å skryte over: «det er den beste serien eg har sett», «det ser så utruleg bra ut», «dette er kvalitet», «eit hav av gode skodespelarar bidreg til å gjere dette like interessant med samansetning under lupa som med historie», kanskje. Eg vil helst ikkje trekke fram noko som står seg ut som betre enn alt det andre, eg vil og passe meg for å sjå enkeltdelar opp mot andre. Når eg no er fullstendig klar over at eg vil bruke ein av dei mest slitne metaforane er eg ikkje mindre i tvil om at alle puslebitane i lag utgjer det store bilde.

Så var det variasjonen, som er like naturleg som utviklinga i Easy Company si krigshistorie, handtert på ein måte som gjer at serien ikkje sler seg til ro og ikkje skapar tryggleikskjensla ein forventar i seriar. Ti episodar består av den hardaste opptreninga, dei blodigaste kampane, dei tyngste dagane og dei verste avsløringane. Intensiteten kan kjennast på kroppen i fleire av hendingane, skildringane er på høgde med det beste på film, mitt forhold til krigsfilm gjer samanlikningane begrensa, eg kan i skrivande stund trekke fram kinesiske «Assembly» som einaste kampskildring i røffe, skitne stil. Episodane eller delane, spreidde over åra 1942-1945, er enten fortalt frå ein allvitande ståstad eller frå enkeltsoldatar som har overlevd og levd lenge nok til å dele historiane sine med Stephen Ambrose, forfattaren av boka serien er basert på. Variasjonen ligg ikkje berre i situasjonane, forteljarstilen endrar seg frå del til del og får oss til å sjå både folka og relasjonane på mange måtar.

Miniserien, eller den avsluttande serien har ein fordel at den kan behandle karakter med større fridom enn som enten gjesterolle eller fast. I «Band of Brothers» vil enkelte ansikt utmerke seg meir enn andre over tid, Damian Lewis og Ron Livingston går oftast igjen og utgjer ei slags kjerne, men kan like fullt hamne i bakre rekke når andre soldatar har viktige historiar. Denne måten å sjå ein serie på er uvant for meg, eg likar å ha oversikt over eit persongalleri, gjerne med ein, eller få i dei sentrale rollane som går igjen. «Band of Brothers» er ikkje fullstendig anarki, men krev litt ekstra, her blir gruppa av folk variert over tid, folk du knapt la merke til i starten står igjen seinare, og motsett. Samholdet er hovudrolla.

Ikkje alt går like inn på meg, nokre episodar er litt lange, mens andre er hypnotiserande gode og føles altfor korte. Eg kan vel så godt like dei dialogfrie, kulepeprande kampane som kalde nedgongstider og set pris på at dette ikkje er ti timar med formål om å vise halsbrekkande og påkosta kampar, men også nærgåande og dramatisk, med fokus på ulike sider ved samhold av soldatar i krig. Å kalle «Band of Brothers» den beste serien eg har sett som eg gjorde innleiingsvis var ikkje sant, det er ein god serie eg blei litt hekta på, men for å sette det i perspektiv har eg blitt meir hekta på betre seriar, det har med interesseområde å gjere. Å kalle dette kvalitet er heller ikkje uproblematisk, for kva er kvalitet?

Jaws (1975)

IMDb: 8.3/10 (103,588 votes)

Gjensynet med «Jaws» forrige helg vart like kjekt som eg håpte på, sjølv etter å ha sett han to gonger før er denne dønn stabil på gjensjåingsskalaen og stadig ein sterk film.

Filmen om ein stor kvithais invasjon av farvannet rundt den idylliske sommarferiestaden Amity Island er rekna for å vere den første store blockbusteren, i USA tente den inn budsjettet med heile 40 gonger og på verdsbasis med 67, etter Wikipedia å dømme. Andre stader er budsjettet opplyst å vere 12 millionar dollars istaden for 7 og inntektene andre, det som uansett er klart er at filmen som sprengte budsjettet og produksjonstiden med det dobbelte (friskt etter minnet frå boka «Easy Riders, Raging Bulls») tente sjukt med pengar.

Pengane satt til side, «Jaws» er ved sidan av å ha ei god historie tilknytta produksjonen ei godt fortalt historie på skjermen. Oppbygginga er i ein eigen klasse, men kan misforståast av den utålmodige og yngre generasjonen, som sagt i «Two and a Half Men» (fritt oversatt): «Kva er så fascinerande med ein film der haien ikkje dukkar opp før etter 40 minuttar?». For den som klarar å sjå forbi at det ikkje er action frå første sekund, at det er filmens styrke i å etablere Amity Island som den idylliske ferieplassen det skal vere for å gi større kontrast til grusomheitene monsteret av ein hai bringe, så er dette veldig mykje ein film som leverar det som trengs.

Det flotte med oppbygginga er at tida blir brukt til å tilfører filmen mykje til heilheita. Her er konfliktar i mengder, folk du ikkje likar som har rett og folk du likar som må ta avgjerlser for det betre utan å faktisk vite om dei gjer det rette likevel. I tillegg til å vere kompleks er den også veldig enkel å forstå, den blir spennande på ein enkel måte og gjer seg fortent til å vere ein annerkjent blockbuster. Utan å dvele meir på filmen for denne gong sler eg fast at den ved sidan av å vere blant Spielbergs topp 3 (vanskeleg å favorisere nokre av dei vidt ulike filmane hans) er ein av mine favorittar på tvers av alle sjangrar og år.

8/10

Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull (2008)

IMDb: 8.6/10 (3,595 votes)

«Iron Man» opna blockbustersesongen, men det ser ut til at «Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull» (heretter «Indy 4») er den første det er interesse for pÃ¥ skrytenivÃ¥, for det første er det ein oppfølger, for det andre er det Indiana Jones, for det tredje er det ein film folk aldri trudde ville komme før Lucas og Spielberg overraska folk med planane — dette igjen gjer det til ein film som pÃ¥ mange mÃ¥ter MÃ… sjÃ¥ast, føler mange. Sjølvsagt har eg ingenting Ã¥ begrunne utsegnet mitt med, sÃ¥ la oss berre godta dette for denne gong.

Den fjerde filmen i rekka har satt handlinga til 1957, ein periode for atomprøvesprening i Nevadaørken, utfrysing av påståtte kommunistar i det amerikanske samfunnet og trusselen russarane sjølv var i den kalde krigen. Vår venn Indiana Jones er blitt gammal gubbe, like gammal som Harrison Ford omtrent, og Lucas/Spielberg har sett sitt å hente inn yngre blod i form av Shia LaBeouf som blir Fords sidekick utover.

Etter ein noko sløv start, lang også, der filmen brukar evigheiter på å introdusere oss til svært lite og der både humor og spenning blir lite moro og lite spennande, tek «Indy 4» seg etterkvart opp. Sånn ca halvveges i filmen begynnar eg å merke at dette faktisk er gøy, dette er så langt ut i filmen at den eviglange introduksjonen er ferdig og det er duka for fart og fullt køyr resten. Mykje av dette er langt over toppen av kva som eigentleg er nødvendig, eg siktar då spesielt til filmens siste parti, men eg storkosar meg og tek inn alt som skjer som den påkosta underholdninga det er meint å vere.

Dette sagt, første del av filmen har noko for seg, blant anna nokre fine referansar til ungdomsfilmen anno Marlon Brandos ungdomstid, og det heile ser ganske lekkert ut. Greia er at ingenting grip meg umiddelbart i opningen som eg hadde ønska, det mangla rett og slett magi. Men så kjem den fantastisk artige spenningsdelen etter kvart og skyv alle desse tankane lengre bak. Eg sat igjen med ei fin kjensle etter filmen var ferdig.

7/10

Artificial Intelligence: AI (2001)

IMDb: 6.8/10 (65,715 votes)

«AI» låg lenge an til å bli ein god film, problemet blei at den låg så lenge ann, generelt sett. Spielberg har laga ein film om eit robotbarns jakt på mors kjærleik og streifar innom eksistensielle spørsmål 101 gjennom den eventyrlege historia me er vitne til. Det som til vanleg kunne ha blitt altfor mykje av det gode, med tanke på vesle David, robotbarnet, si emne til å elske, går seg til her ettersom det er snakk om robotar. Når David er på jakt etter å bli elska har ordet «love» ein tendens til å dukke opp stadig vekk, mange verbale forsøk på definisjonen av ordet blir gitt og det sagte er ikkje nytenking.

Det som gjer «AI» til ein potensiell 8-ar, som synk på grunn av lengden, er at Spielberg har laga ein eventyrfilm med stadig framdrift som byr på mange spennande syn og tøffe futuristiske idear. Viktigare og det som gjer at eg kan like denne tross mitt kalde forhold til både «E.T.» og «Close Encounters of the Third Kind» er at det er lagt inn ein melankolsk undertone. «AI» er aldri ein gladfilm, heilt i frå første minutt er det klart at menneskeheita har påført seg sjølv ondt. Sjølv om det heller ikkje er ein deppefilm er det ei dyster stemning over alt spetakkelet som gir filmen ein ekstra dimensjon.

7/10

Close Encounters of the Third Kind (1977)

IMDb: 7.8/10 (53,224 votes)

Close Encounters of the Third KindEg kunne ha slakta denne filmen, berre for moroskuld, men det vil ikkje vere rettferdig ovafor dei som vurderar å sjå den eller meg sjølv viss eg skulle finne på å lese dette for rettleiing om eit par år.

For fakta er at «Close Encounters …» er ein presis midt pÃ¥ treet film. Den har sine plussider, diverre ogsÃ¥ nok minussider. TÃ¥peleg lydkommunikasjon med romvesen. Flotte spesialeffektar. Mangel pÃ¥ spenning og dramatikk nÃ¥r det gjeld. Elles ei fin oppbygging, om enn altfor lang. Eg vil ikkje pÃ¥stÃ¥ eg hatar denne eller kjenner meg ført bak lyset av dei generelle folkemengdene som har sett filmen (IMDb ratingen i tankane), men greia var at eg kjente ingen ting i «magan».

5/10

The Sugarland Express (1974)

IMDb: 6.8/10 (4,371 votes)

Sugarland Express«The Sugarland Express» markerar debuten til Spielberg på storskjermen, hans tidlegare «Duel» blei laga for tv, mens denne er i breiformat og med eit betydeleg større budsjett ($3.000.000 mot $375.000). Goldie Hawn, ung og pen so ho var i 1974, stikk av med hovudrolla, sjølv om både Michael Sacks og William Atherton har like mykje skjermtid. Hawn spelar Lou Jean i det som er ei historie basert på sanne hendingar, saman med mannen som nyleg har rømt frå fengselet kidnappar dei ein politimann og forlangar skyss til Sugarland. I Sugarland er ungen deira i fosterheim, mot deira vilje, og Lou Jean vil ha den tilbake.

I «The Sugarland Express» er det mykje bilkøyring og endå fleire bilar, på det meste finst det titals politibilar i bilde, Spielberg brukar opp igjen mange av teknikkane han nytta seg av i «Duel», kamerautsnitt og føring er stødig utført og smart, nødvendig informasjon kjem med utan for mykje kluss og brå klypperytme. Tonen i filmen hellar meir mot humor enn «Duel» og kan tryggt plasserast inn i den vidare utviklingskurva Spielberg hadde mot blockbusterane, «The Sugarland Express» er sopass alvorleg at eg ikkje vil kategorisere det som ein familiefilm, slutten som eg ikkje skal gå innpå i detalj set eit punktum for dette inntrykket.

Heilt pÃ¥ tampen vil eg trekke smÃ¥ parallellar til Sidney Lumets «Dog Day Afternoon», begge to er filmar basert pÃ¥ sanne hendingar, begge omhandlar gissel/kidnapping, i hovudet til dei kriminelle i begge filmane ligg relativt gode motiv (viss ein tøyer betydninga av god litt), og ikkje minst — begge foregÃ¥r i eit avgrensa miljø; stort sett i ein politibil i «The Sugarland Express» og banken i «Dog Day Afternoon». Utføringa elles er det større forskjell i, men med desse tinga i tankane synst eg «The Sugarland Express» har mykje godt for seg i tillegg til Ã¥ vere biljakt og vÃ¥penflashing.

7/10

Duel (1971)

IMDb: 7.7/10 (14,021 votes)

DuelSkrekkfilm til hjuls midt på lyse dagen, det er kva «Duel», ein av Steven Spielberg sine tidlege filmar, produsert for og sendt på tv. Laga i 1971 då Spielberg var knappe 25 år med einaste bakgrunn i nokre episodar for ymse tv-seriar, eit par kortfilmar her og der og ein «Columbo»-film bak seg. Til å vere ein tv-film er «Duel» derimot ganske god, blant det beste eg har vore borti.

Ã… forklare handlingsforløpet i «Duel» er lett, det er ein A til Ã… type film: David Mann set seg inn i bilen og legg ut pÃ¥ ein tur, møter ein rusten lastebil pÃ¥ vegen som køyrer jævla seint. Alle med sertifikatet har opplevd dette! Han legg seg ut til sida, susar forbi og trur at det var det, men sÃ¥ skjer det alle vil leve utan Ã¥ oppleve, lastebilen har skjulte hestekrefter og tek igjen David Mann, utelukkande for Ã¥ drive faenskap. Faenskap er eit mildt ord, denne ukjente lastebilsjÃ¥føren har ei hensikt om Ã¥ starte ein dødsfarleg, og pÃ¥ Mann si side — ufrivillig, fartsleik. Dei som ser «Top Gear» veit at for høg fart berre utgjer 4% av bilulykkene i Storbritannia og tenker at det ikkje kan vere sÃ¥ aller verst, mÃ¥ tenke seg om igjen, «Duel» føregÃ¥r i USA — ein føderasjon der bilane pÃ¥ 1970-talet mangla gode køyreeigenskapar og var reine drapsmaskiner bÃ¥de pÃ¥ motorvegen og i nabolaga.

Men tilbake til «Duel», A til Ã… som det er fÃ¥r me nokre avstikkarar i form av B, C, osv. «Duel» er pÃ¥ fleire omrÃ¥de ein enkel film, ei einaste lang biljakt med eit kafebesøk her og ein bensinstasjon der er ikkje sÃ¥ komplisert. Steven Spielberg viser at det ikkje er behov for noko meir, med svært tydeleg kamerabruk, god spenningsmusikk og den ukjente forfølgaren ser eg spora av det som etterkvart vil bli det eg elska med «Jaws». Ei samanlikning med «Jaws» vil eg likevel unngÃ¥…

7/10

Indiana Jones and the Last Crusade (1989)

IMDb: 8.2/10 (102,640 votes)

The Last Crusade«Indiana Jones»-filmane har vore eit lite mareritt for meg nokre år, ettersom eg ikkje har klart å skilje frå kva film som hadde kva tittel, ein periode trudde eg at alle var sett, men det viste seg etterkvart å vere feil. Med «The Last Crusade» har eg først og fremst få sett endå ein god film, og i andre rekke fullført (noko som framleis er) ein trilogi.

Doktaren (Harrison Ford) slår seg saman med far sin (Sean Connery) i jakta på den heila gralen, den som drikk av den skal visstnok få evig liv.

Sean Connery tek på seg rolla som sidekick og leverar den eine sikre vitsen etter den andre, minuset er at det fort blir forutsigbart, uansett alvor vil han levere. Sjølv om historien med faren går godt i gjennom heile filmen, og vanskeleg kunne ha blitt fjerna, er han litt unødvendig. I versten fall synst eg han går utover spenninga og eventyrkjensla med filmen. No har eg ikkje akkurat satt av stort hukommelserom til dei forrige filmane, men dette er iallfall ikkje den beste filmen.

God underholdning er det likevel, tross dei skarpe orda mine om Connery er filmen til tider veldig morosam. Den manglar berre litt ekstra driv i eventyret.

7/10

War of the Worlds (2005)

IMDb: 6.7/10 (70,089 votes)

War of the WorldsForkjølelse, antydning til hovudverk, og «War of the Worlds» minus 15 minutt. I HD. Min første HD-opplevelse på tv faktisk. Utan at eg eigentleg var klar over det før langt ut i filmen.

Det var mest tilfeldig at eg enda opp med å sjå denne i kveld, når eg på besøk hamna midt i oppstarten under forbi-zapping via Canal+ (i HD). Det var altså dei første minuttane eg gjekk glipp av, så lite viktig at eg kryssar av i skjeftet for å ha fullført filmen.

Tom Cruise hamnar midt i suppa når romvesen angrip. Visstnok angrip dei over heile verda, så alle er jo midt i suppa. Ved si side har to barn, Dakota Fanning som skrik seg gjennom filmen, og ein irriterande Cruise-lookalike som går under rollenamnet Robbie. Ingen, verken unge eller eldre bemerkar seg i prestasjonane.

Filmen består stort sett mest av venting, venting og øydelegging. Øydelegginga er CGI i bøtter og spann, og ikkje av spesiell interesse for meg. Utruleg flott laga er det nok, alle effektane osar av gryn til utvikling, og i HD legg ein ekstra merke til dette. Og sveitteporane til Tom Cruise.

Filmen er ikkje dÃ¥rleg sÃ¥nn eigentleg, den har det tekniske pÃ¥ si side, og litt anna. Av litt anna kan eg trekke fram rollefiguren Cruise spelar, som tek avstand frÃ¥ dei mest forventa klisjeane i mange nok situasjonar til at eg legg merke til det. Robbie derimot, har fÃ¥tt for seg at han kan redde verden ved Ã¥ joine militære — mot viljen til farsan. SÃ¥ opplagt dust at det aldri blir betre enn eit irritasjonsmoment pÃ¥ film!

Så «War of the Worlds» funka greitt. Ein del av æra må gå til filmkompanjongen som var med å gjere narr av ting undervegs. Eg trur filmen ville ha kjeda meg om eg skulle sett den åleine.

5/10

Jaws (1975)

IMDb: 8.3/10 (65,584 votes)

JawsEit gjennsyn med Steven Spielbergs store 1970-tals thriller. Denne gong i forlenga 30-års utgåve, utan at eg merke noko nytt forsåvidt. DVDen hadde DTS lydspor og godt bilde, og eg fekk i tillegg køyrt teksting på den, som kan vere greitt i starten av filmen iallfall. Bonusdiscen med ekstramateriale ligg ennå å ventar.

Eg vart meir innstilt på å glede meg over filmen denne gongen, og gjorde det dei stadene eg ikkje irriterte meg over korleis folk oppførte seg. Med det tenker eg på bystyret som set økonomi framfor helse, og folka på stronda som berre tenkte på seg sjølv i alvorets time. Men det er slik filmen skal vere, og det er vel meiningen desse folka skal provosere, så det er vel ingen grunn til å klage på det, snarare tvert i mot, Spielberg får fram det han skal.

8/10
1 / 212