IMDb: 7.7/10 (66,994 votes)
Med mannen som seinare har blitt sektmedlem og framstilt som gal, basert på ei bok av mannen som også har gitt oss historiar som har ført til «Total Recall» og «Screamers», og regissert av mannen bak bl.a. «Jurashiku Park».
Minority Report er filmen om politimannen John Anderton (Tom Cruise) som jobbar i ei avdeling som tek seg av forbrytarar av mord som ikkje har skjedd endÃ¥. Ein dag dukkar han sjølv opp pÃ¥ skjermen som mordar, og kan sjølvsagt ikkje tru det han ser, han rømmer sin veg før kollegaene fÃ¥r snusen i saka, og startar etterforskinga pÃ¥ kvifor han skulle finne pÃ¥ Ã¥ drepe nokon. Slik fÃ¥r han snusen i noko som blir kalla ‘minority report’ (mindretallsbetenking i direkte oversatt forstand), som er saker der dei tre prekognitivane (menneske med spesielle emner som forutser mord for politiavdelinga) har vore ueinige, og som kan vere med pÃ¥ Ã¥ reinvaske han.
I beste Philip K. Dick Ã¥nd er dette eit sci-fi der handlinga gÃ¥r for seg nokre Ã¥r inn i framtida. Med Steven Spielberg og Tom Cruise ombord er det ogsÃ¥ eit svært pÃ¥kosta prosjekt med masse spesialfeffektar. Heldigvis er historien sÃ¥ interessant at effektane blir hjelpemiddel for Ã¥ fortelle han enn ‘godteri for augo’. Alt i alt ein godt gjennomført film.
6/10
IMDb: 8.7/10 (115,022 votes)
Og her sat eg og trudde eg hadde sett alle Indiana Jones filmane, men denne var ny for meg. Det er vel ikkje så mykje å sei om sjølve filmen, den er typisk Indiana Jones. Spennande eventyr, mange farar, tyskarar og slangar. Humor, litt kjærleik, og ekte Indiana Jones musikk!
Harrison Ford har vel kanskje aldri vore betre enn som Indiana Jones. Ikkje at eg har noko å utsette på Han Solo, men som eventyrar er det han passar best.
6/10
IMDb: 7.8/10 (53,802 votes)
Sjansen er der for at ein gong i tiden så kunne eg ha likt denne filmen. Men i dag blei det ikkje anna enn ein langdryg, overgjort barnefilm. Hovudrolla, Elliott, irriterte meg med den gjentakande skrikinga si. Musikken er veldig typisk for familiefilmsjangeren, men eg tykkjer det burde ha vore grenser.
Grunnen til at eg trur eg kunne ha likt denne filmen i yngre alder ligg i alt det fantasirike som skjer, med mykje lys og mange spennande leikar og elektronisk utstyr. For meg no, etter å ha sett ein del andre filmar, blir det meir at eg sit å tenker på kva som kjem til å skje, og at når det har skjedd så er filmen ferdig, og takk for det. Dette okkuperte tankane mine så sterkt at eg følte dei fleste scenene var altfor lange.
Lyden og bilde imponerte meg, eg såg ein remastered versjon der både det hørselen og synet blei tilfredsstillt av krystallklare uttrykk. Faktisk blei det til tider litt for mykje av det gode, men det var meir fordi høg lyd i TV-høgtalarane forstyrrar bildesignalet. Takk til dårlege kablar og avspeling frå PC i desse ferietider.
5/10
IMDb: 8.2/10 (56,214 votes)
Endeleg ein god «Jaws»-film. Eg har sett nummer 4 og 5, men ingenting sler originalen. Og som Earl i «My Name Is Earl» ville ha sagt: No kan eg endeleg krysse den av lista mi.
Filmen var rimeleg lang, og brukte som «Rupan sansei: Kariosutoro no shiro» litt tid på å bli varm. Det var ei håndfull stereotypiske idiotar, som ein ofte finn i denne sjangeren, men eg klarte å halde ei viss avstand til det, så eg kom meg etter kvart fram til den gode delen av filmen. Den siste timen var spennande, og ikkje så prega av klisjear som eg hadde trudd. Så til slutt, etter ein lystig og blodig film, så vil eg sei at eg kom ganske så godt ut av det heile.
8/10
IMDb: 7.0/10 (8,988 votes)
Ein middels ok film frå Spielberg. Interessant vendig den tok etter kvart. Tolkinga av rollefiguren Viktor frå Hanks side var midt på treet. Han blir framstilt som dum, delvis tilbakeståande, fordi han ikkje er så flink i engelsk.
6/10
IMDb: 8.3/10 (88,917 votes)
Bra til krigsfilm å vere kanskje, men fell ikkje i smak.
6/10