Posts Tagged ‘Studio Ghibli’

Gake no ue no Ponyo (2008)

tirsdag, oktober 6th, 2009

IMDb: 8.0/10 (6,692 votes)

ponyo-jp1Som den blaserte filmsjåaren eg er lever eg meg sjeldan inn i film, og animasjonsfilm er det verre med. «Ponyo» (på kort) hadde eg ikkje allverdens forventingar til, dei siste tre frå Studio Ghibli har i meir eller mindre grad glidd kjapt forbi bevisstheiten. Men «Ponyo» klarar å vekke meg igjen med magi og mektige naturkrefter, samtidig som den treff med det enkle. Eg blir sittande og forestille meg filmen gjennom augene til eit barn, all den spenninga og eventyret vesle Sosuke får oppleve. Samtidig treff den så veldig godt mitt innbilte vaksne sinn. «Ponyo» er klassisk god Studio Ghibli.

8/10

Heisei tanuki gassen pompoko (1994)

tirsdag, februar 5th, 2008

IMDb: 7.5/10 (3,293 votes)

Pom PokoI Japan finst det eit vaskebjørnliknande dyr som heiter tanuki og som kan transformere seg og ikkje minst dei gigantiske testiklane sine, det ser ganske sjukt ut og begrepet barnefilm fell litt bort. (Studio Ghibli har vel sjeldan vore påstått å lage barnefilmar, men ta «Totoro» eller «The Cat Returns»). «Pom Poko» handlar om (eg vel å bruke betegnelsen vaskebjørn her for enkeltheits skuld) vaskebjørnar som må kjempe mot dei stadige utbyggingane til Mr. Japan, skogane forsvinn og dei må bruke kreftene sine til å stoppe dette. Kampen er ganske håplaus frå første stund, kan dette gå bra? 2 timar seinare med gjespen i kjeften og hovudet mellom hendene var svaret klart for min del, sjølv om eg skulle ønske det tok timen mindre. Vel har Studio Ghibli laga flott animasjon her, med sjuke transformeringar og valdelege vaskebjørnar, men lengda og tempoet i lag med vaskebjørnane som karakterar fungerte rett og slett ikkje bra nok for underteikna.

6/10

Kurenai no buta (1992)

tirsdag, februar 5th, 2008

IMDb: 7.8/10 (9,834 votes)

Porco RossoEi forheksing har gjort piloten Marco om til ein gris, i skjul frå fascistar og luftpiratar held han bolig under parasollen på ei bortgøymt øy, når han ikkje vankar i baren på Hotell Adriano på kveldstid. Filmen tek overraskanda lite tak i forheksinga og personen Porco Rosso (tidl. Marco), men dreiar meir innpå eit enkelt tidsrom der flyen hans blir smadra og han sidan skal duellere med ein amerikansk luftpirat. Handlinga er i all enkelheit spennande nok, med hav, øyer og luftig animasjon er det også godsaker for augo her. Saknar meir historie rundt personen Porco Rosso, elles greit.

7/10

Kaze no tani no Naushika (1984)

tirsdag, februar 5th, 2008

IMDb: 8.1/10 (16,549 votes)

NausicaaSjølv om ikkje alle Ghiblifilmane imponerar går eg til dei usette med forventingar. «Nausicaä» er ein av dei eg har hatt mest lyst til å sjå, til stor glede innfridde den, mektig. Animasjonen flyt ikkje som i dagens produksjonar, men er upåklageleg storarta og detaljert. Universet handlinga føregår i er eventyrleg og tok gripetak på meg frå første stund, samtidig ligg det alvor i botnen av eventyret. Verda er trua av massiv forureining og naturen har reagert, det store spørsmålet er korleis menneska skal oppføre seg i forhold til desse reaksjonane.

I hovudrolla finn me den unge prinsessa i Vindenes Dal, Nausicaä, ei tøff jente og meister til å navigere eit krysningsfartøy av seglfly og hangglider, mykje action kan forventast i både lufta og på bakken. Filmen handlar om krig mellom menneske og mellom menneske og kjempeinsekt som erobrar stadig meir land. Behandla frå ståstaden til den unge jenta tek verken alvoret skade av eit barnleg sinn, heller den meir leikne tonen av alvoret, men som dei beste Ghiblifilmane gjer det, godt balansert, spennande, imponerande.

9/10

Gedo senki (2006)

fredag, august 3rd, 2007

IMDb: 6.4/10 (647 votes)

Tales from Earthsea«Tales from Earthsea» er ein av Studio Ghibli sine nyare filmar. Med dragar, trollmenn, sverd og kongar virka dette meir vestleg enn noko anna Ghibli eg har sett. Men fantasy har vel ingen direkte plasstilhenging.

Kampen mellom lys og mørke, det gode og onde er sentralt her. Me blir introdusert for ei verd som er på veg til å gå under fordi menneske har øydelagt “balansen” i naturen med kunnskapar som kan overstyre ting som vêr og vind.

Problemet til «Tales from Earthsea» er at den så altfor tydeleg har så mykje den vil fortelje, men ikkje får plass til. Når berre dei viktigaste trekka får sin fortente plass blir det liten djubde. Mykje blir teke for gitt. Eg kjem ikkje utanom det å tenke på «Eragon» soleis. «Eragon» på si side må vere ein bleik kopi av dei originale «Earthsea»-bøkene. Nok om det.

Det eg sakna mest var det “japanske” ved filmen som har vore tilstades i dei andre Ghiblifilmane eg har sett. Dei sprø japanske, myteskapningane, eit japansk miljø. Her er ei tom, enkel historie. Overveldane lydspor, gode, men ikkje alltid like passande når sjølve bilda ikkje gjer inntrykk. Og kjempefin animasjon.

6/10

Tonari no Totoro (1988)

søndag, juli 29th, 2007

IMDb: 8.1/10 (12,505 votes)

My Neighbor TotoroEin stor bamse, ein liten bamse og ein minibamse. Naboane som familien Kusakabe får når dei flyttar inn i eit gammalt hus på landet er nokon merkverdige skapningar, men sjarmerande og koselege. Dessutan er det berre døtrene Mei og Satsuki som kan sjå dei.

Studio Ghbili har gitt oss mange godfilmar gjennom åra, ikkje alle har slått heilt an for min del. «My Neighbor Totoro» var heldigvis blant det betre. Eg kan sjå at den fungerar som barnefilm ved sidan av å ha eit seriøst tema som helst vaksne vil fatte. Animasjonane er brilliante og detaljane kan nok mette sjåargleda endå fleire gonger. På grunn av ei stadig forflytting i handlinga gjer det ingenting at det tekniske ikkje er av dagens høgare standard, det kjem stadig nye inntrykk å halde styr på.

Oppbygginga er på sett og vis enkel. Fru Kusakabe er på sjukehus så far og døtrer må styre med seg sjølv. Filmen dreiar seg mest omkring døtrene sin måte å takle mora sitt fråver på. I denne tida møter dei den store bamsen Totoro som bur i skogen like ved. Om Totoro er eit resultat av trangen til å fortrenge røynda innimellom er ikkje lett å sei. Som i andre Studio Ghbili-produksjonar virkar det overnaturlege så mykje inn på handlinga at det blir problematisk å sjå på Totoro som ein imagniær faktor.

8/10

Hotaru no haka (1988)

tirsdag, desember 19th, 2006

IMDb: 8.1/10 (12,711 votes)

Grave of the FirefliesEi tragisk forteljing om to barn som misser foreldra sine mot slutten av andre verdskrig på landsbygda i Japan. Uansett kor trist dette skulle vere så slo det ikkje heilt an her. Den er god på så mange måtar, men når aldri opp til mitt forrige møte med barn overlatne til seg sjølv, som også var i ein japansk film, «Dare mo shiranai».

Så, bra film, men den når ingen topplassering i verken Ghibli eller anime-samanheng. God framstilling av kor brutalt det kunne vere, men nokre lyspunkt for å gjere filmen vakker.

5/10

Tenkû no shiro Rapyuta (1986)

mandag, juni 19th, 2006

IMDb: 7.9/10 (7,518 votes)

Laputa Castle in the SkyBetre kjent som «Laputa: Castle in the Sky», ein Studio Ghibli-produksjon.

Kanskje litt i lengste langet til å vere ein barnefilm med sine 2 timar. Men for min del var det perfekt. Ein av dei betre Ghiblifilmane eg har sett. Mekanikk, magi og svevande rike, dette er ekte saker i motsetning til «Steamboy».

7/10

Hauru no ugoku shiro (2004)

fredag, desember 30th, 2005

IMDb: 7.9/10 (5,582 votes)

Howl’s Moving CastleIkkje på nær så god som «Spirited Away», men fortastt ein god anime. Mange detaljar og ei grei historie.

7/10

Mononoke-hime (1997)

fredag, januar 21st, 2005

IMDb: 8.3/10 (17,583 votes)

Princess MononokeOgså kjent som «Princess Mononoke». Ein veldig god animefilm. Imponerande animasjon, god musikkbruk. Spennande historie. Alt i alt ein anbefalt film.

6/10