Også kjent som «The Cat Returns». Ikkje den beste Studio Ghibli filmen eg har sett, men dette er likevel ein god fantasifilm. Den passar svært godt for barn, men er likevel interessant for eldre og. Den har eit stykke igjen til Ghibli forgjengaren «Spirited Away», som eg må samanlikne med. Kanskje dette blir for amerikansk?
Også kjent som «Spirited Away» eller «Chihiro og heksene». Andre gongen eg ser filmen, første gong med originalt lydspor. Ein fantastisk teiknefilm i kvaliteten på arbeidet. Animasjonen er imponerande heile vegen, og filmen er veldig underholdande.
Fin samansetting av mange små sekvensar frå ein jap. familie. Litt enkel animasjon.
