Hotel St. Pauli (1988)

IMDb: 4.2/10 (106 votes)

Hotel St. Pauli er ein av dei mest hata norske filmane nokon sinne. Det er òg ein av dei norske filmane som er vanskelegast å få tak i, i lag med den andre kalkunen Dis. Ja, det er i grunn dei fleste andre norske filmar som er laga. At Norsk filminstitutt er nær udugelege når det gjeld å få ut den norske filmarven til folket, er diverre ei mild underdriving. Kvaliteten på filmar som har kome ut, mellom anna gjennom samlinga Norske klassikere, er svært variert.

Det er mykje negativt å sei om Hotel St. Pauli, noko eit handlingsreferat ikkje kan fange. For i denne filmen skjer det så vanvittig lite i løpet av dei 105 minuttane den varer, at ei oppsummering heller latterleggjer filmen enn å kritisere den.

Filmane til Svend Wam og Petter Vennerød er godt kjent for ufrivillig humor, og heldigvis er ikkje Hotel St. Pauli eit unntak. Herleg dårleg skodespel og det drygaste av kinky sex du får på norsk film er stikkorda. Ja, òg så kjem hasjrøyking og kastrering like i ryggen.

Det einaste som er bra i Hotel St. Pauli, og då utelukkar eg den ufrivillige humoren, er musikken i brorparten av filmen og stemninga bruken av god musikk oppnår i ei skogsscene. Det er forresten i nemnde scene at Morgan (eine hovudrolla) spring rundt og ropar at han vil pule Gerda, før Gerda kappar av kuken hans og stikk til St. Pauli og blir sprøytenarkoman. Det er iallfall teorien min, for i forhold til tid heng dette tynt saman. Men i forhold til tidsbruk er filmen generøs. Litt som i 2001: A Space Odyssey er det mange og lange scener utan dialog her, hadde berre gleda av å sjå desse vore like stor.

Konklusjonen er at Hotel St. Pauli var betre enn forventa, men framleis er ein av dei verste norske filmane eg har sett. Den er så gjennomført elendig at det nesten har si sjarm. Få replikkar gjer at den legg opp til å kunne prate undervegs, og å kunne kommentere dårlege ting kan jo i og for seg vere artig nok. Men viss du ikkje har ei sann glede for dårleg film, har behov for å sjå Hotel St. Pauli i nokon samanheng, eller vil oppleve golden showers og ein bonde frå Nedre Eiker som onanerer på togstasjonen i Oslo, då kan du styre unna.

3/10