IMDb: 6.0/10 from 11,348 users
Beneath the Planet of the Apes kom to år etter Planet of the Apes og tek opp igjen tråden der førre film slutta. Apeplaneten får besøk av eit andre romskip, som reiste frå jordkloten kort tid etter Liberty 1 med Taylor (Charlton Heston). Kapteinen på skipet, Brent (James Franciscus), tek over rolla som protagonist og følgjesvenn med stumme Nova (Linda Harrison).

Brent stiller seg mange av spørsmåla som Taylor gjorde i første filmen, men gjennomgår ei raskare og meir venleg tilvenning til apane enn astronautkollegaen. Eit møte med Nova tidleg i filmen gjer det klart for han at Taylor er eller har vore på planeten. Ei tredje historie i Beneath er gorillaene i Ape City som har planlagt å gå til krig mot det som måtte eksistere i The Forbidden Zone, eit uutforska område for apane.
Som tittelen så fint røper vil søkelyset bli retta mot det som skjer under overflata. Filmen gjer det lurt i å halde fram med nye utforskingar, og avsløringane om kva planet vi er på frå første film får mykje å seie. Det tyder ikkje at Beneath er ein like god film som forgjengaren sin, men eg set stor pris på at fantasi framleis er sentralt i utviklinga av filmen. Den er ein fin miks av oppdaging og spenning. Måten vi blir leia over frå første filmen, og desse to heng i lag på, er òg tilfredsstillande nok.
Nova er eit kapittel i seg sjølv. Linda Harrison var følgjesvennen til Charlton Heston i første filmen og gjekk i mesteparten eit par steg bak han, posterte og såg stort sett berre pen ut. Denne rolla held ho fram med i større grad i Beneath. Ho har ein stor plass i filmen, men lite å sei for protagonisten og avgjerslene hans. Denne objektiviseringa av kvinna og måten apekatten Zira i offentlegheit blir tilsnakka av ektemannen Cornelius, er ikkje mindre enn fascinerande og kunne gjort seg i nærare studie.
6/10
IMDb: 6.8/10 (5,497 votes)
For ikkje mange dagane sidan gjekk det opp for meg at det fanst meir enn ein «Dirty Harry» film. For dei fleste andre med generelle filmkunnskapar så er ikkje dette noko nytt, men så er det altså i mitt tilfelle.
Med utgangspunkt i å allereie ha sett den første, satte eg meg i går kveld ned med oppfølgaren «Magnum Force». Eit drapspoliti er på ferde og henrettar dei kriminelle i byen på eiga hand. «Dirty» Harry Callahan blir kalla inn igjen i mordkommisjonen for å få has på gjerningsmannen, som dei i utgangspunktet ikkje veit er ein politimann, her er fordelen med å vere publikum for oss.
Triggerhappy politifilm frå 1970-talet er utan tvil festleg. Med stake-outs, biljakter og shoot-outs nærmare bakkenivå enn mykje som blir servert no til dags frå over dammen, blir det god spenning. Om originaliteten er litt mindre så gjer ikkje det noko, for poenget her er vel helst å få ein god actionfilm.
6/10
IMDb: 5.9/10 (4,431 votes)
Med unntak av eit par detaljar er eg godt fornøgd med denne filmen. Filmen fortset der «Planet of the Apes» slapp, og introduserar veldig kjapt ein ny karakter, Brent, som saman med Nova prøver å finne Taylor. Brent kom til planeten på same måte som Taylor, for å finne ut kva som skjedde med det romskipet, og krasjlanda så hardt at den andre astronauten døydde.
Fokuset til denne filmen ligg meir på bruk av våpen for bevaring eller til å oppnå fred, og kor dumt dette er. Filmen er sånn sett endå veldig aktuell. Elles bygg den og på ein del av dei same tinga som forrige film. Den er ikkje så nyskapande som forrige, og er tvilsomt ein film som gir nokon særleg god oppleving viss ein ikkje har sett den forrige. Har ein derimot det, så er dette absolutt god tidtrøyte, i ordets positive forstand. Og eg kan elles røpe så mykje som at slutten var godt overraskande.
«Planet of the Apes» har hittil appellerert ein del til meg, og eg sat oppslukt store deler av filmen i spenning av korleis det heile skulle utvikle seg vidare. Halve filmen gjekk unna som dugg for solen, og resten som … hmm … dugg for solen den og.
6/10