Filmdagbok
ness
27-apr-2007
Comments Off
Comments Off

Shinobi (2005)

User Rating: 7.0/10 (1,907 votes)

ShinobiJapan, under Tokugawatida, etter fleire hundre år med krig har det endeleg blitt fred. Herskaren ser seg imidlertidig trua av nokre landsbyar som endå praktisere kraftige magiske kampsportar, dei blir kalla shinobi. Han hentar inn Hattori Hanzou III for å finne ei løysing på dette, og den blir mindre human.

Oboro og Ge-no-suke høyrer til kvar sin landsby som det har eksistert sterkt hat mellom i lange tider, dei møter tilfeldigvis ved elva ein dag og blir forelska. Stjernene har derimot kryssa seg og forelskelsen har ingen lys framtid med Hanzou sin idé i drift.

«Shinobi» er ein film om kjærleik og hat, den kan tidvis minne litt om «Romeo og Julie», men tek etter kvart ei anna retning. Fysikkens lover blir oppheva og det blir hurtig slossing i blant dei meir dramatiske og historiebyggande sekvensane. I stil såg eg mange likheiter med «Naruto»-mangaen når det kom til karakterar og kampteknikkar.

Ved sidan av dataanimerte kastestjerner og springing mellom trestammer blir det for roleg for min del. Det er tydeleg at filmen vil fortelje noko, utan at eg skal røpe kva, men variasjonen blir for stor og dramaet dreg ut i tid. Elles må eg sei eg likte det eg såg, her er slossing med alvor. Når humoren er uteblitt blir dette akkurat passe mørkt og dystert til at dei ekstreme kampsekvensane kan taklast.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10